5.Divisjon: Syril – Fjøra 2/Sogndal 3

Dommarar i kveldens kamp: 
Per Oddvar Lien               (Hoveddommar)
Torgeir Heimdal Aase    (Assistentdommar 1)
Fredrick Kwihangana     (Assistentdommar 2)
Syril sin tropp: 
Anders Magnus Elde Walaker,Amund Bäckstrøm Vikdal,Adrian Husabø Thue,Ingemår Fosshagen,Gard Grinde,Brage Asperanden Navarsete,Morten Mangerøy Helland,Magnus Risnes Wolff,Erlend Husabø,Helge Gjerde Eggum,Steinar Henjum,Ole Morten Kvam,Marius Midtun Aaberge,Håkon Orrestad,Bård Henjum,Sondre Søderholm.Fjøra 2/Sogndal 3 sin tropp: 
Benjamin Haastø Sunde,Daniel Navarsete Tonheim,Jonas Liseth Fimreite,Eldar Saue,Sondre Loftesnes,Adam Khamurzaeyr,Øystein Skjerdal Bondevik,Johan Dybvik Hegland,Sindre Kvist Rydvang,Jan Reidar Grane,Stian Sælid Njøs,Eirik Stokkanes,Melchior Solberg Dalehaug,Tom-Rune Sæle,Sigvart Galborgen Stenehjem,Frode Kvam,Jon Steinarson Skjerdal.

Førsteomgang:
Syril med avspark.
Første skudd på mål men bortelaget sin sisteskanse er der og redda skuddet.

Lang ball blir slått opp frå Adam og det er ikkje langt i frå at Melchior Solberg Dalehaug får med seg ballen men Walaker har kontroll inne i boksen sin.

Her går det fort føre seg:
Fjøra 2/Sogndal 3 scorar først ved Melchior Solheim Dalehaug 0-1, men så svarar Syril med ein gang ved målscorar Steinar Henjum 1-1.

Frispark til bortelaget høgt oppi bana.
Ballen stryker hårtustene til Sondre Loftesnes og utspark frå sisteskansen til Syril.
Det ruller fram og tilbake i banespelet.
Håkon  Orrestad feller ein Fjøra 2 /Sogndal 3 spelar som er på veg igjennom. Dommaren dreg opp det gulekortet til Syril spelar Håkon Orrestad og frispark til bortelaget.
Steinar Henjum er på ny på løpetur på kanten han blir spelt igjennom av André Thorsnes Talle. 2-1 til heimelaget
Steinar  Henjum slår ballen hardt inn frå kanten og inn i feltet Helge Gjerde Eggum breisider ballen inn i mål. Stillinga er no 3-1 til heimelaget.
Ringreven Steinar Henjum har vore oppe å fått seg fleskasaus i dag hjå Nils og Nora kanskje derfor han står med 2 scoringar og 1 assist?

Steinar Henjum legg inn og ballen treff Sondre Søderholm som heada like utafor målet til bortelaget. Kunne fort ha stått 4-1 mek stillinga er enda 3-1.

Laga gjekk til pause ved stillinga 3-1 til heimelaget. 

Andreomgang:
Mykje samme starten som i 1.omg.
Frispark til bortelaget høgt oppi bana men blir ikkje det store ut av det.

André Thorsnes Talle kjem seg fri legg inn til Helge Gjerde Eggum men ballen kjem bak han og til innkast til bortelaget.

Bortelaget har fått låna ballen meir so langt i startsminuttane av 2.omgang
Frispark til bortelaget på heimelaget sin  banehalvdel.

AndréThorsnes Talle kjem seg forbi og skyt. Sisteskansen til bortelaget må plukke fram ein beinparade for å hindre at det 4 målet ligg i nota.

André Thorsnes Talle skyt ballen inn i lengste stillinga er no 4-1 til Heimelaget.
Corner til bortelaget men skuddet går like over tverrliggaren.
innlegget  til bortelaget blir slått inn på bakre men headinga går like over målet.
Ingemår Fosshagen skyt ballen rett i mål ved cornerflagget 5-1 til heimelaget.
Kampen ebber ut 5-1 til Syril.

Lurifax Support fekk følgande videoanalyser: 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

one × two =