3.Divisjon kvinner: Kampanalyser og resultater.

Sogndal – Sandane: 

Målet til heimelaget vart scora av: 
Kristin Bergheim Lykkeslett

Slutt resultat: 1-0

Lurifax Support fekk følgande kampanalyser: 

Sogndal trenar Brede Nymark:  

Det vart idag teke eit val om å satse meir framover, noko som kunne resultere i meir press på motstandar og offensive initiativ, men samtidig ein sjanse å ta defensivt. Nokon spelarar vart kasta rett inn i ein ny posisjon på bana, heldigvis løyste dei oppgåva strålande.

Mi går hardt ut, i håp om å ta tidlig kontroll på kampen. Alle legg ned ein knallhard jobb, pressar Sandane over alt på bana, og stressar dei. Spelet vårt er bra, men litt upresist og stressande i starten. Etterkvart får me roa oss litt, og styrer kampen. Me kjem til fleire gode sjansar og har kontroll på det meste Sandane prøver seg på. Når me får kampen som me vil, bevegelsar og samspel sitt, så er me farleg ved mange høve, det kunne fort vore nokre mål før pause og fleire etter. I periodar dett me litt ned spel messig, men innsatsen er der fortsatt så me klarar å hindre motstandar og får kampen tilbake i vårt spor. Det såg i periodar ut som det var ein ‘’stang ut’’ dag, men heldigvis fekk me lønn for strevet på overtid.

Alle levera ein topp prestasjon i dag, me er gode i gjenvinning, oppbygging, pasning spel og duellspel. Det er ein ung tropp, der fleire spelar med små skadar, men gir 100% heile vegen, viser god innsats, samhold og viljestyrke.

Lagets prestasjon i dag, er ganske nærme ein komplett kamp. Me styrer frå a-å, har god kontroll og slepp Sandane til svært lite. Målet som kjem på overtid er heilt fortent, og sikrar oss 3 poeng. Denne kampen hadde heimesiger skrevet over seg det meste av kampen. Dette tek me med oss vidare, og skal jobbe enda meir med. Me må bli betre på å omsette sjansar til mål, og spele under press.

Sandane kjem med ein ung tropp, og skal ha skryt for kampen dei gjer. Sandane blir vanskelege å slå i haust. Lykke til vidare!

Sandane trenar Jan Asle Rustølen: 
Vi tapar 1-0 i dag og målet kjem to og eit halvt minutt på overtid, så det føles litt surt å ikkje få med eit poeng heim. Samtidig er det ein fullt fortjent seier til Sogndal som vinn omtrent alt på midtbana i andre omgang. Dei klarar å skaffe mange nok overgangar og sjansar til å score vinnarmålet.
Vi slit med presisjonen i eigne overgangar og skapar veldig lite farligheter.

Kjekt å spele mot Sogndal, men litt frustrerande å ikkje klare å få tak på kampen som var relativt jamn og sjansefattig i første omgang.

Balestrand – Jotun: 

Målet til heimelaget vart scora av:
Kristine Friborg
Måla til bortelaget vart scora av: 
2*Augusta Skrede Luggenes, 3*Kjersti Hestetun,Hanne Heimlid.
Lurifax Support fekk følgande kampanalyse: 
Jotun trenar Frank Roger Eldegard: 

Det blei tidleg klart at Jotun var kommen lengst i førebuinga for haustsessongen. Bra innsats i eit Balestrand lag som nok vil bli betre utover. Mange flotte kombinasjonar og angrep hjå Jotun, og sigeren kunde nok vore endå større. God start på hausten for oss.

Kaupanger 2 – Vik:  

Målet til heimelaget vart scora av: 
Anna Myhre Nornes

Slutt resultat: 1-0

Lurifax Support fekk følgande kampanalyser:

Kaupanger 2 trenar Roger Hjellhaug:
Ein skikkeleg slitekamp der me i første del av 1.omg slit å sette spelet våres. Vik er gode og agressive i duellane, og farlege ved deiras raske kantar.
Men på slutten av 1.omg og utover i 2.omg har me mykje ball og rullar/bygger opp mange bra angrep utan å få utelling før skoringa kjem i da 85.min.
Dagens seier var ein skikkeleg lagseier. Der alle bidro ettersom me mangla ein del spelarar som var vekke på klassetur og i tillegg at mange av jentespelarane hase ein kamp i beina dagen før. 

Vik IL trenar Robert Hovland: 
Etter ein jamn 1.omg med eit lite spelemessig overtak til Kaupanger tek dei fullstendig over i 2.omg
Men dei skapar ikkje mange sjansane då forsvaret vårt spelar ein fantastisk kamp, og keeper rydder opp i det som kjem. I slutten gjer me ein ørliten feil og Kaupanger scorar.
Alt i alt eit rettferdig resultat, men bittert når me er så nære poeng.

Balestrand – Høyang: 

Slutt resultat: 0-0

Kampanalyse henta frå Høyang si facebookside:
Det blei poengdeling på Kreklingen i kveld mellom Høyang og Balestrand. Balestrand hadde ikkje et skikkeleg skudd mellom stengene, men Høyang var heller ikkje spesielt farlege, til tross for mange langskudd.
Linn-Jeanette i midtforsvaret gjorde en knallgod jobb, mens Malin Fjæren hadde en god kamp på midten. Debutant Linda Saltskår var svært nær ved å avgjøre kampen og gjorde en god debut for Høyang.
Etter kampen uttaler TeamThomas at det blei 0-0 i en kamp der damene jobber godt og er det klart beste laget. Men, laget sliter med å skape de helt store sjansene, men er veldig nære et par ganger. Vi slipper heller ikkje Balestrand til en sjanse i dag, så det er jo veldig bra sier han.
Med det blir Høyang liggende på samme tabellplass og må fortsatt jobbe knallhard fremover for å kapre poeng.

Stryn – Tornado Måløy

Måla til heimelaget vart scora av:
2*Saeideh Tajik,Karoline Nordheim Otterdal,Dagny Krogh Sæten

Slutt resultat: 4-0

Henta frå Stryn Fotball Damelaget si facebookside:
Det vart en god start på haustsesongen for damelaget. 4-0 over TMFK etter overbevisande spel gir oss en godt signal om at hausten skal bli like god som våren var. Vi gledar oss til fortsettelsen

SPONSORAR LURIFAX SUPPORT:

http://fjordklippfrisor.no/CMS/Default.aspx

https://www.instagram.com/intersport_sogndal_/https://www.facebook.com/intersportsogndal/

http://www.systrening.no/

Bilderesultat for joars trafikkskule
http://www.solberg-trafikkskule.no

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

sixteen − ten =