3.Divisjon damer: kampanalyser.

Foto: Vik trenar Robert Hovland

KAMPANALYSER 3 DIVISJON KVINNER: 

Jotun – Høyang: 4-1.

Studentspretten – Sogndal:

Måla til Heimelaget vart scora av: 
Maria Kjosås Berge,Marit Ova Bøyum.
Målet til bortelaget vart scora av:  
Trude Kveane
Slutt resultat:  2-1

Kampanalyser:

Studentspretten Assistenttrenar Brage Yndesdal:
Går tidleg opp i leiinga ved Maria Kjosås Berge. Doblar like etterpå ved Marit Ova Bøyum. Har god kontroll i fyrste omgang. Sogndal skapar lite. Slepp Sogndal inn i kampen mot slutten og dei utliknar til 2-1.
Deileg å vere best i Sogndal!

Sogndal Damelagstrenar Brede Nymark:
Me veit det blir ein vanskeleg kamp for oss, med mykje duellspel, regn som prega bana og fleire spelarar som snart er tilbake frå skade, men stiller opp og gir det dei har så lenge dei kan. Eit forsøk på ein liten endring av kamp planen, gjer at det blir mykje langt i starten for begge lag. Når kampen er kommen i det sporet så slit me med å få den tilbake der me er best. Spretten har ein god periode i 1.omg der dei får inn to mål, som også blir avgjerande i dag. Etter pause går me ut med nytt håp, me har snudd eit større resultat før. Spretten får lite tid med ball og me får dei i ubalanse. Dessverre vil det seg ikkje heilt i dag. Me står høgt og stressar, snappar mykje ball og får oss noken mulighetar, den største kanskje ved Hatlevoll. Heldigvis er Trude på plass og får pynta på resultatet. Me veit me kan betre, men får det ikkje heilt ut i dag. Tek med oss det positive på bana og at det er fleire som snart er skadefri. Begge lag har sine periodar, enten når det er mykje langt og duellspel, eller når ballen er på bakken og blir trilla. Kampen blir mykje prega av lange pausar ved alt av kast og igangsetting. Heldigvis legg dommaren til ein del for dette, men me taper mykje effektiv speletid og kampen blir stykka opp veldig ofte. Det blir totalt sett ein dårleg fotball kamp, mykje ‘’spark og spenn’’ og lite finspel.
Gratulerer til Studentspretten og lykke til vidare i sesongen.

Tornado Måløy – Vik:  

Måla til bortelaget vart scora av: 
2* Leni Årestrup

Lurifax Support fekk følgande kampanalyse: 

Vik trenar Robert Hovland: 
Ein veldig viktig seier for oss,både poengmessig og mentalt. Den fyrste borteseieren i år og etter ein så lang tur er det ekstra godt å reisa heim med 3 poeng.
Med 3 sentrale spelarar ute var det kjekt å sjå at me har stor breidde i troppen dette var ein lagseier.
Tornado hadde det meste av spelet i 1.omg medan me var farlige på kontringar.
2. omg er jamn spelemessig men me skapar mange fleire sjansar enn dei og bør punktera kampen. I staden vert det spennande heilt inn

Sandane – Kaupanger 2:  

Målet til Sandane vart scora av:
Kristine Lothe Rustøen.
Måla til bortelaget vart scora av: 
Lea Willumsen, Siv Hickmannn, Andrea Henjesand.
Slutt resultat: 1-3

Lurifax Support fekk følgande kampanalyser:

Sandane trenar Jan Asle Rustøen:  
Vi spelar ein god kamp samla sett og har sjansar nok til å ta poeng. Vi brenn ei straffe etter ca 10 min. utover i omgangen kontrollerer vi brukbart og det er fortjent når vi tek leiinga etter ca 42 min. Så slepp vi Kaupanger lett gjennom like etterpå og det står 1-1.
Vi prøver å stå høgare i andreomgang men set ballen til side for mål eller keeper klarer å avverge. Ca midt i omgangen får Kaupanger nok eit enkelt mål og vi må jage for utlikning. Fem minutt før slutt slepp vi igjen til Kaupanger inne i feltet og kampen er avgjort.
Vi får dårlig betalt for innsatsen i dag og det er svært kjedelig å ikkje ta poeng!

Kaupanger 2 trenar Wenche Wefring: 
Vi fikk en dårlig start med straffe mot oss etter 3 min, men keeper redda mesterlig.
Siden tar vi helt over og trøkker på, men uten uttelling. Sandane scora etter 43 min kontring.
Vi svarer med scoring rett før pause.
Andreomgang vi har spillet og sjansene men Sandane er farlig på kontringer/overganger.
1-2 etter 55 min, 75 min 1-3.

Sogndal – Balestrand: 

Måla til heimelaget vart scora av:
Amalie Sjøvoll Hauglund, 2*Vilde Sofie Haveland Sleire,Trude Kveane.
Måla til bortelaget vart scora av:
3* Anne Aune,Ukjent.
Slutt resultat: 4-4.

Lurifax Support fekk følgande kampanalyser:

Sogndal Damelagstrenar Brede Nymark:
Mi e innstilt på å få kampen tidlig inn i vårt spor og prøve å styre det meste som skjer på bana. Totalt sett blir dette vellykka, me har mykje ball,fleire gode kombinasjonar og eit høgt antall sjansar.
Konsentrasjonen sviktar til tider, noke som resulterer i 4 mål i mot. I motsatt ende er det marginar som gjer at me ikkje får fleire mål.
Denne kampen kunne gått til begge lag, effektivt Balestrand, eller litt meir marginar vår veg. Me kjem til mange sjansar og held ballen godt i laget, gir motstander lite tid med ball når me er sterke i duellspelet og gode i gjennvinningsfasen.
Mykje positivt å ta med seg. Surt og ende opp med 1 poeng etter ein sånn kamp, men samtidig godt at me får utligningen på slutten.

Balestrand spelar Anne Aune:
En jevn kamp som kunna gått begge veia. Vi slit fortsatt me å hold ballen i laget, men klare oss ganske godt.
Vi er fornøyd, men sku gjerne hatt tre poeng.

Vik – Studentspretten:

Målet til heimelaget vart scora av:
Tiril Valsvik.
Måla til bortelaget vart scora av:
Elise Svaleng Johnsen,Kristin Solås.
Slutt resultat:
1-2

Lurifax Support fekk følgande kampanlyser:

Vik trenar Robert Hovland:
Me møte eit velspelande og godt lag i dag. Studentspretten trillar mykje ball i 1.omg,me ligg godt organisert og skapar dei største sjansane på brot.
I 2.omg tek me tidleg ledelsen på eit nydeleg frispark frå Tiril Valsvik. Men Studentspretten styrer omgangen og har mange sjanser. Dei scorar to og vinn fortjent. Dei scorar to og vinn fortjent Eg er godt nøgd med 1.omg.

I 2.omg vert me for slappe i presset og då vert det vanskeleg mot eit så godt lag. Me stilte med 7 jenter fødd i 2002 og 2003 i frå start i dag, så det er lærerikt å sjåå kva ein må strekka seg til viss ein skal vera i toppen i divisjonen.
Men me skal bli betre og betre i løpet av sesongen.

Assistentrenar Studentspretten Damelag Brage Yndesdal:
Mykje vind i Vik. Dei utnyttar seg av medvind i 1. omgang og slår mange høge ballar i bakrom.
Vik scorar først på frispark i 2.omg. Deretter snur vi kampen med to raske scoringar.

Stryn – Jotun:

Måla til heimelaget vart scora av:
Anna Rekdal Johannsdottir,Kaisa Vollsnes Wembly,Mariell Taraldset.
Målet til bortelaget vart scora av:
Kjersti Hestetun.
Slutt resultat:
3-1.

Lurifax Support fekk følgande kampanalyser:

Stryn Damelagstenar Halvard Bøe:

Det var en ok fotballkamp. Vi begynner veldig bra og får 2-0 før det er gått 5 minutt. Men vi slepp oss ned og slurver mykje i første omgang. Jotun kunne fort scora fleire mål. Vi får justert oss i pausen og spelar en god 2.omgang.
Då er det begrensa kor mykje Jotun får trua oss. Vi skaper en del sjansar og scorar et mål.

Jotun trenar Frank Roger Eldegaard:
Stryn var eit strå vassare og fekk maks star med 2 susara i krysset fra 20m dei første 6-7 minutta. Etter dette meir jamnspelt, men når Marthe Skjerven blei nedspent i 2.omg datt lufta litt ut av resten.
Stryn vinn fortjent.

Førde – Høyang:

Målet til heimelaget vart scora av:
Hege Gjesdal.
Målet til bortelaget vart scora av:
Camilla Ueland Komperud.
Slutt resultat: 1-1.

Lurifax Support fekk følgande kampanalyse:

Førde trenar Robert Martin Lange:

Etter noen forfall før kamp hadde vi 5 jenter frå ungdomslag i laguttak og har starter med 2 av denne. I tillegg har vi spelt med ny formasjon. Start av kampen var litt vanskelig fordi alle måtte finen sin posisjon i nytt system.

Høyang hadde ein fin start og stor sjanse etter 2-3min med skudd mot tverligger.
Etter ca. 10min hadde vi funnet kontrollen over kampen og spelte god fotball frå forsvar til angrep. Berre i siste 25 min klarte vi ikkje å spele siste gode pasning eller finne god posisjon for skudd på mål.
Det er ein ting vi må fortsatt jobbe på.
Siste 15min har eg bytta inn tredje spiss for å vinne kampen. Men denne gang var det Høyang i 86.min  har brukt litt uorgnaisering i vårt forsvar for skudd mål.
På slutten er eg stolt av laget, at dei har ikkje gir  opp etter mål i mot og skudd utligning i 90.min etter corner.
Vi må fortsatt forbedre oss kvar kamp, men vi må bli bedre i  å bruke våre sjanser for å ha roligere kamper.
Høyang trenar Thomas Frichtsen:
Ein heilt jamn kamp av to lag som jobba godt. Litt surt og sleppe inn mål på overtid igjen her oppe,
Kaupanger 2 – Tornado Måløy: Utsatt

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

five × 4 =