Treningskamp: Sogndal Damelag – Vik Damelag

Foto: Robert Hovland – Vik sin tropp til kveldens kamp i Sogndal. 

Sogndal stiller med følgende lag (4-3-3): Sigrid Foss – Dina Beate Lerum, Kristin Bergheim Lykkeslett, Nora Henjesand, Maria Sætre Veum – Dina Krosshaug, Vibeke Solheim, Dorte Stedje – Amalie Hauglund, Marusia Sandor, Kristine Foss.
Benk: Dorthe Selseng, Amalie Hatlevoll.

Måla til Sogndal vart scora av:
Dina Beate Lerum, 2*Amalie Hatlevoll ,Amalie Hauglund.
Måla til Vik vart scora av: 
Oda Alice Stokkebø,Elise Fosse.
Slutt resultat: 4-2.

Kampanalyser i frå trenarane: 

Sogndal damelagstrenar Brede Nymark:

Det er med hospitantar frå Syril og Sogndal jentelag. Kampen blir spelt 3*30, derfor blir det lagt inn eit fokusområde før kvar omgang. Kampen starta rolig, der begge lag treng litt tid på å komme i gang. Begge lag leverar ein god kamp, med mykje bra spel. Me held mykje på ball og trillar rundt i vente på at den rette åpningen skal komme.
Er litt seine til å skru på brytaren, noko som resulterer i feilpasningar, unødvendige balltap, og svakt duellspel som gjer at Vik får god tid med ball. Den oppbyggande fasen av spelet har me brukt mykje tid på, me veit at den delen av spelet for det meste sitt som den skal. Dagens fokus er derfor flytta over på den offansive biten, som i vinter har vært for svakt. Det er brukt mykje tid på denne delen i den siste perioden. Spelarane held ballen i laget med fin ro, sjølv kor høgt me blir pressa. Det er fleire gode forsøk på å komme igjennom, men Vik gjer ein god jobb defensivt.
Etter kvart som me får på brytaren, er det mindre balltap og betre duellspel, dette fører også til at me får sjølvtillit til å komme i gang med det me har jobba med den siste tiden.

Me ser tydelege at spelet på siste tredjedel kjem seg, det er mange gode kombinasjonar som går hurtig og på få touch. Samspelet sitt godt mellom dei fleste, og det blir enda betre når hospitantane kjem med i rytmen. Det er mykje god bevegelse med og utan ball,kombinasjonar, utnyttelse av rom og gode pasningsvalg.

kjem til fleire gode sjansar, både på kant og gjennom midten. Alt i alt leverar spelarane ein god kamp og legg ned den nødvendige innsatsen. Fleire spelarar får prøvd seg i forskjellige roller, uten at dette påverkar spelet vårt noko særleg, dette er bra da heile laget veit korleis spelet er tenkt og dermed kan bekle fleire roller om nødvendig. Me ser da at me kan rokere på posisjon, og samtidig få holdt spelet i gang. Me nærmar oss sesongstart, den siste tiden skal me bruke godt.

Vik Damelagstrenar Robert Hovland seie dette om kveldens kamp: 

Kampen vart spelt i 3*30 der to omgangar var jamne og ein omgang der Sogndal var klart best. For oss var det ei viktig gjennomkjøyring med tanke på neste veke NM Telenorcup J16 mot:Førde og Stryn.
Så me mønstrar eit lag der 9 stk holdt jenteralder. Etter ein vinter med mykje snø i Vik var det godt å få 3*30  min ute.
Mange i den store troppen  vår fekk nyttige erfaringar mot gode spelarar frå Sogndal. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

20 + sixteen =