Sogndal2-Stryn.

Siste heimekampen før Sogndal2 skal på ein liten sommerferie.
Verdt og bitemerke i er at ung gutta i Sogndal Fotball har ikkje tapt ein einaste kamp på eige kunstgras.  Ein kan også ta med at Stryn har ikkje tapt så langt i serien dei står med

Sogndal2 starta kveldens kamp med desse 11: 
Kristan Rutlin,Eirik Skaasheim,Adam Khamurzayev,Kristinn Jónsson.Eirik Lereng,Simen Brekkhus,Henrik Furebotn,Kristian Knudsen Berg,Andreas Lerheim Olsen,Fredrik Flo.
Benken: 
Sigurd Bøyum,Sondre Loftesnes,Eirik Stokkenes,Mathias Sundberg,Anders Nord.

Stryn starta kveldens kamp med desse 11: 
Jens August Guddal Muri,Erling Tenden Myklebust,Vegard Hopland,Vegard Vatn Øvreberg,Justinas Busmic,Emil Allesøe,Frode Hool Egge,Tanel Melts,Mads Wie.
Benken: 
Josef Tuzar,Håvard Kroken,Rasmus Skåre Tjellaug,Julian Hove,Alexander Gudni Jakobsson.

Litt om kampen: 
Ikkje det store som skjedde i dei første 5 minuttane av kampen. Men det har vore nokre sjansar til begge laga.
Heimelaget produserte sjanse etter sjanse men fekk ikkje heilt hull på byllen. Ikkje så langt i frå at det skuddet ligg klistra ved stolperota like utafor målet til Rutlin. Berre nokre centimetere der så hadde det stått 0-1 til Stryn.
Heimelaget har fått kampen inn i sitt spor her no.
Kjeks til Frode Hool Egge på Stryn var for sein inn i ei takling men klarde å sei nokre ord etterpå som resulterte i eit gultkort.
Laga gjekk til pause ved stillinga 0-0.
Mykje det samme som i førsteomgang her utpå no. Men Stryn er litt høgre i presset sitt her utpå no. Men Sogndal2 held tett så langt.
Ai ai ai!! hands inne i feltet til Stryn og dommaren peikar på krittmerke. Straffe til Sogndal2 Det er unge Andreas Lerheim Olsen som skal ta det.
Han var sikker som banken i frå krittmerket og Sogndal2 leda no 1-0.
Kjeks til høgrebacken på Sogndal2 Eirik Skåsheim for holding. 
For ein corner og for ei flott heading av Adam Khamurzayev.
Sogndal2 gjekk opp til 2-0!
Der smalt det i frå Stryn leiren Mads Wie scora for Stryn,no er det kamp igjen. Stillinga er no 2-1.
No blir det hektisk på slutten.
Men Sogndal2 vinn kveldens kamp 2-1 og ung gutta til Sogndal er enda ubeseira på eige kunstgras. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

seven + seven =