Referat Årdal FK – Tornado Måløy.

Dommar: Jonny Skjerven
Assistentdommar 1: Jarle Andersen
Assistentdommar 2: Stein Otto Førde.

Årdal FK starta dagens kamp med desse 11 frå start: 
Sivert Larsson,Ørjan Skilbrei,Kjetil Karlsen,Brede Stedje Ylvisåker,Christian Stedje,Eirik Rode,Johnny Aspeseter Hagen,Ole Gunnar Kjødnes,Nicolai Laberg,Truls Hovland,Terje Kvam Øvstetun.
Benken: 
Eirik Thomassen Øren,Vegard Aafedt Bukve,Joachim Furset,Joachim Furset,Marius Loftheim,Fredrik Sørli,Stian Klingenberg,Anders Lereng

Tornado Måløy starta dagens kamp med desse 11 frå start:
Isak Gangeskar,Saron Bugjerde,Benjamin Frantzen,Christoffer Nore,Runar Televik Blaalid,Svein Arne Volle,Rasmus Gotteberg,Erik Sandal,Sondre Myhre Silden,Chris André Nore,Thor Aage Pleym Evensen.
Benken: 
Marcus Refvik,Thomas Bakke,Erik Hovden Flataker,Simon Eide Nordbø.

Førsteomgang: 
Truls Hovland får ballen vidare til Joachim Furset som klemmer til frå langt hold ballen suser inn i nota. Heimelaget tar leiinga 1-0. Ein ball blir forsøkt slått igjennom til Truls Hovland men han får eit litt for langt touch så det blir utspel frå Keeper. Frispark til Tornado men det går over alt og alle til utspel frå keeper.
Det er heimelaget som har mest ball her,bortelaget ligg stort sett på sin eigen banehalvdel.

Hovland plukka opp ballen ved kanten og legg knall hardt inn forran målet ein Årdal spelar får ikkje stokka beina når han skal til å breiside ballen i mål men bomma på ballen.
Målsniken Truls Hovland her aleine med sisteskansen til Tornado men han får ikkje ballen forbi han.
Bortelaget får låne ballen no, men Årdal har grei kontroll på det dei prøver på.
Frispark til Tornado høgt oppe i bana. Det blir slått som ein Markrypar går via muren til innkast.

Oisann Chris-Andre Nore setter fart på vingen,dribbla ein mann får lagt inn eit hardt innlegg forran boksen men enda opp til at eit skot stryker nettveggen til utspel frå Larsson.
Nytt Hovland reid han prøver å hælsparke ballen men ingen Årdal spelar kjem på løp så det forsøket har Tornado sitt forsvar kontroll på. Eit innlegg blir slått inn i heimelaget sin boks men det går over alt og alle.
Nore er på ferde igjen men backen til Årdal har kontroll.
Hovland stikker igjennom til Laberg som er på løp på kanten, Nikolai får lagt inn i boks ein Årdal spelar får fyrt av men det blir blokkert.

Der bles Skjerven av til pause ved stillinga 1-0 til heimelaget.

Andreomgang: 
Laga er komt på bana igjen etter ein liten pust i bakken så er dei klar igjen til å tevla i 45.
Heimelaget som skal sparke i gang denne omgangen.
Frispark til Tornado frå ca 30m hold. Det er bra slått inn i boks og Erik Hovden Flataker får pirka ballen i nota etter litt klabb og babb i feltet til Årdal. Så var vi likt i målprotokollen 1-1.

Heimelaget svarar kontant når Nicolai Laberg bles ballen opp i nettaket knappe to minutter var vi likt i målprotokollen men no så er stillinga 2-1.
Årdal ruller opp angrep på angrep no for øyeblikket så har Tornado meir enn nok med å demme opp.
Eit innlegg blir slått inn i boksen til Larsson men han er ute å plukka.

Corner ti Årdal:
Den er bra slått inn på bakre går via ein tornado spelar til ny corner.
Men den blir det ikkje det store ut av når forsvaret til bortelaget beiner bort ballen.
Larsson er litt i trøbbel men han får tilslutt ordna opp i det når han har to tornado Måløy spelarar som lurer inne i boksen.
Joachim Furset får seg ein smell og legg seg ned han tydleg vondt så heimelaget må nok gjera eit spelar bytte her.

Chris Andrè Nore klemmer til skuddet går i tverrliggaren men returen treff pannebrasken til Erik Hovden Flataker som putta sitt andre for dagen og med det så er vi likt i målprotokollen 2-2.
Aiai Årdal gir seg ikkje når dei nok ein gang svarar kontant på tiltale. Hovland sender igjennom Nicolai Laberg som er aleine med keeper han gjer ingen feil og sender Årdal på ny opp i leiinga. Stillinga er no 3-2 til heimelaget.

For ein kamp vi er vitne til her når Tornado Måløy nok ein gang kjem attende i kampen. Sondre Myhre Silden breisider ballen i mål frå 15m, stillinga er no 3-3.
Frispark til bortelaget men det legget går rett i klypene til Larsson.
Ein krossar blir slått over til Laberg men han blir avblåst for offside.
Corner til heimelaget men det blir ikkje det store ut av den blir heada ut av ein Tornado spelar.
Virka ut som at det er bortelaget som har meir å gi her på slutten.

Innlegg blir slått inn på bakre, Evensen henger i lufta men han kjem seg ikkje høgt nok opp så headinga går over mål.
Innlegg frå kanten inn i boksen til Tornado Måløy men sisteskansen Gangeskar er ute å plukka ballen inn i klypene. Eirik Rode legger inn foran boksen, legget treff pannebrasken til Truls Hovland som er heilt umarkert i feltet målsniken får headinga i mål.  I målfeiringa dreg han av seg drakta og dermed får han sitt andre gulekort så det betyr at Hovland får sjå det rødekortet av Skjerven. Stillinga er no 4-3 til Årdal.
Der var det slutt 4-3 til Årdal som tek ferie på toppen av tabellen.

Lurifax Support fekk følgjande videointervju: 

Lurifax Support sine samarbeidspartere er:


https://www.facebook.com/indresognbil/?ref=br_rs

http://www.amfi.no/kjopesentre/amfi-sogningen/ 


https://www.gasta.no/
https://www.facebook.com/gastadesign/
Bilderesultat for joar solberg trafikkskule
http://www.solberg-trafikkskule.no/

https://www.instagram.com/intersport_sogndal_/
http://https://www.facebook.com/intersportsogndal/?fb_dtsg_ag=Ady09YX9OtQI2bHKBtQcFM5CcQRZ6W54IAeMQZJCu2m79w%3AAdzPOpv-y2IT4ivBmCKKD3AoqH1m1C2S2Dfm_n7j9P6oVQ


http://http://www.systrening.no/


https://www.facebook.com/Kafé-Krydder-219557774727418/ 


https://fjordklippfrisor.no/

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

5 × one =