Obosligaen: Sogndal – Ullensaker/Kisa.

Dommarteam:
HD: Magnus Nicolai Koløy
AD: Imran Tariq
AD:  Erland Hareland.
4.dommar: Jonny Skjerven.

Sogndal sin startsellver:
Renze Fij,Axel Kryger, Igoh Ogbu, Martin Ove Roseth,Daniel Eid, Sivert Mannsverk,Tomas Kristoffersen,oTmas Totland,Andreas Hoven,Endre Kupen, Kristoffer Hoven.
På benken:
Sixten Jensen, Eirik Lereng, Badou, Eivind Helgesen, Per Magnus Steiring, Mathias Blårud og Håvard Hetle

Ullensaker/Kisa startsellver: 
Stefan Hagerup,Espen Garnås,Morten Sundli,Steffen Jenssen,Herman Haugen,Sverre Martin Toorp,Christian Aas,Nikolas Walstad,Stian Ringstad,Sander Haugaard Werni,Henrik Kristiansen.
Benk: 
Sverre økland,Sebastian Remme Berge,Mesut Can,Christoffer Gjertsen,Vegard Kongsro.

Då er me klare for 2.serierunde frå Fosshaugane Campus. Sogndal spelte mot Åsane i forrige runde den endte 4-1 til Songdal. Mens Ullkisa kjem med 4-0 seier over Strømmen.

Førsteomgang: 
Daniel Eid kjem seg fri på kanten, finn Kristoffersen som legg tilbake til Mannsverk som fyra av men skuddet går over målet. Kampens første corner går til heimelaget. Kristoffersen som skal svinge den inn i boksen, blir rydda unna. Der står det 1-0 til heimelaget, Kristoffersen får ballen tilbake legg inn på fremste der er Kristoffer Hoven som sett ballen i nota.

Heimelaget som fører an her slepper Ullkisa lite til. Der kunne det fort ha stått 2-0, det er på ny Kristoffersen som legg inn i boksen og Hoven  får testa Hagerup som må fram med eit tigersprang for å forhindre ein ny ball i nota. Corner til Sogndal er bra slått inn i boks treffer pannebrasken til Igoh som rava høgast, men headinga går til side for målet til Hagerup. Ullkisa på ein liten visit inne i boksen til Sogndal men blir ikke det store ut av det.

Kryger får lagt inn i boksen men legget blir rydda unna til corner. Ballen blir slått inn i boksen til heimelaget, Werni får pannebrasken på den men Fij har kontroll på den headinga. Utligning 1-1 er litt Hawaii inne i boksen til heimelaget, Morten Sundli plukka opp returen og sett den i målet til Fij. Kristoffersen fyra av ballen er på veg inn i lengste, men Hagerup får slått over til corner.

Laga går til pause ved stillingen 1-1.

Andreomgang: 
Då har laga komt på bana igjennom, og me gjer oss klare til nye spennende 45 minutt med fotball. Heimelaget som skal sparke i gang denne omgangen. Sogndal forsetter der det slapp og får rett i angrep. Straffe til heimelaget, Kupen skal ta den setter den i stolpen. Saft og suse for eit trøkk i det skuddet,
Endre kupen lada opp kanona på halv volley og ballen susa inn i nota til Hagerup. Ullkisa får låna kula litt no.  Stillingen er no 2-1

Ny straffe denne gangen er det Kristoffer Hoven sin tur å prøva seg frå krittmerket. Hagerup redda straffen men må gi en retur den er Kristoffer Hoven våken på og setter ballen i nota. Stillingen er no 3-1. Endre Kupen får trampeklapp frå publikum når han blir bytta ut. Leikegrind her på Fosshaugane Campus i kveld, Sogndal får gjera akkurat det dei vil her utpå i kveld.
Maestro Kristoffersen slår ballen inn på fremste, der er Daniel Eid som styrer ballen vidare inn i nota. Stillingen er no 4-1.
Heimelaget er på ny frampå, Eid slår ballen inn i boks og der er Badou på plass til rett tid og får pirka ballen inn i nota. Stillingen er no 5-1.
Totland slår inn i feltet over alt og alle men der bak lurer  Eivind Helgesen som dunka ballen inn i nota. Stillingen er no 6-1.
Der bles dagens dommer i fløyta og det endar 6-1 til heimelaget.

Lurifax Support fekk følgjande videointervju: