Norsk Tipping-Ligaen avd.4: Lysekloster – Sogndal 2

Dommarar: 
Bjarte Sandal                             ( Hoveddommar)
Trygve Føreland Pedersen  ( Assistentdommar 1) 
Martin Røed Knudsen            ( Assistentdommar 2) 

Lysekloster starta kveldens kamp med desse 11: 
Thomas Hille,Eirik Rode,Mats Joachim Walberg,Denis Ljubović,Szymon Walczak,Thorvald Trætteberg,Mohammad Hasan Rahmani,Rune Åsheim Mo,Martin Pedersen,Vladan Radojkić,Kristoffer Østervold.
Benk: 
Kjetil Hansen,Even Hepsø Vetås,Erlend Opheim Instebø,Marcus Sannes Thormodsen.

Sogndal 2 starta kveldens kamp med desse 11: 
Kristian Rutlin,Tobias Klepp,Adrian Solberg,Eirik Stokkenes,Tomas Olai Totland,Erlend Hanssen Grov,Eirik Lereng,Elias Mittet,jens Hundere Øvreseth,Johan Svedal Flo,Anders Johannessen Nord.
Benk: 
Fartein Bøyum,Kristian Knudsen Berg,Daniel Navarsete Tonheim,Jan Reidar Grane,Eirik Johannessen Skrede.

Førsteomgang:
Så var vi i gang her på Lysekloster Framo Idrettspark. Oisann Vladan Radojkic  får gå og gå skyt heilt upressa i mål ikkje eit minutt er gått ein gang før Rutlin måtte plukke ut ballen i frå nettet.
Tidleg gultkort på Lereng, då han feller ein lysekloster spelar.
Skuffelsen har knapt nok senka seg av dei Sogndal supporterane som har tatt turen til Lysekloster i kveld. Før skuffelse vart til jubel. Sogndal 2 er frampå og scorar etter ca 9 minutt spelt ved spelar  Jens  Hundere Øvreseth sett ballen inn i buret bak sisteskansen til heimelaget. Likt i mål protokollen 1-1.
Frispark til bortelaget det er bra slått ikkje langt i frå der at ei Sogndal tå hadde pirka ballen i nettet.
Heimelaget kjem fri på kanten og fyra av eit skudd men rett i klypene til Rutlin.
Klasseredning av sisteskansen som ved nød og neppe får fista ballen over tverrliggaren.
Lysekloster scorar på ny ved målscorar Martin Pedersen. Stillinga er no 2-1 til heimelaget.

Laga gjekk til pause ved stillinga 2-1 til Lysekloster. Det har bølga litt fram og tilbake i denne omgangen. 

Andreomgang: 
45 spennande minutter venta oss no her på Framo Idrettspark. Frispark til heimelaget i farleg posisjon, men skuddet vart eit lumpeskudd så sisteskansen til Sogndal reddar enkelt.
Oisann ein dødball blir slått langt opp og plutseleg er Erlend Hanssen Grov aleine med keeper. Sisteskansen til Lysekloster kjem ut, gjer seg stor og redda skuddet.
Frispark til heimelaget men det går rett i muren.
Lereng blir felt, gultkort til ein Lysekloster spelar og dommaren dømmer frispark til bortelaget.
Det var ei stund spenning i kampen då det låg og vippa litt.  Når heimelaget går opp til 3-1 ved målscorar Vladan Radojkic så vart det vanskeleg for det unge mannskapet til Sogndal 2 som har jobba skoa av seg i dag og gjort det vanskeleg for heimelaget å bryte igjennom.
Sisteskansen til Sogndal 2 har vore god i kveld, når han på ny vartar fram med ei feber redning som han med nød og neppe får slått til corner.

Så var det slutt her på Lysekloster Framo Idrettspark det endar 3-1 til Lysekloster.

Lurifax Support fekk følgande kampanalyser:

Lysekloster trenar Ruben Hetlevik: 
God kamp og fortjent seier.

Sogndal 2 trenar Håvard Hatle: 
Synd vi ikkje får med oss noe, gutta la ned en kjempeinnsats.

Nokre bilder frå kampen:  

bilde
Kapteinane helsar før kampen.
bilde Bytte Sogndal 2 Eirik Stokkenes går ut og inn kjem Kristian Knudsen Berg.

bilde  Bånngass tenker Johan Svedal Flo  her skal det ikkje kvilast.

bilde Kva blir diskutert her tru? Strategi kanskje kven veit…

Sponsorar Lurifax Support:

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

20 − 6 =