Kretsligaen: Kampanalyser og resultater.

Eid IL – Tornado Måløy  

Måla til heimelaget vart scora av: 
3*Marius Henriksen,2*Johan Pasit Skorge,Simen Lefdal,Runar Elias Lillestøl Naustdal,Kristian Lefdal,Joakim Frislid Vedvik
Målet til bortelaget vart scora av: 
Jonas Våge

Slutt resultat: 10-1

Lurifax Support fekk følgande kampanalyser: 

Eid trenar Dan Jøran Hafsås:

Dette var spel mot et mål i 90 min. Er ikkje så mykje å sei egentlig. Fint å score 10. 3 poeng.

Tornado Måløy trenar Sveinung Daae Frantzen: 

Vi er for dårlige.

Skavøypoll – Bremanger: 

Måla til heimelaget vart scora av:
2*Martin Anders Nygård.
Målet til bortelaget vart scora av: 
Anders Nilsen Midthjell

Slutt resultat: 2-1

Lurifax Support fekk følgande kampanalyse: 

Skavøypoll spelar Kim André Gangeskar: 

Ditta var rett og slett so ufattelig fortjent! Vi har full kontroll på heile kampen og produsera vanvittig med sjangsa, men igjen slite vi med å score mål. Det er for dårlig av oss og ikkje avgjøre slike kampa tidligere, så det må vi jobbe vidare med. Vi spilla en veldig god kamp og har masse ball og føle at vi styre kampen. Så det var 3 viktige og sjukt deilige poeng!:)

Vik – Stryn: 

Måla til bortelaget vart scora av: 
Vegard Vatn Øvreberg,Marius Rauset,Mathias Ullebø Garlid

Slutt resultat: 0-3
Lurifax Support fekk følgande kampanalyser: 
Vik spelar Stig Roar Hovland: 

Me tapar 3-0 mot eit godt Stryn lag. Me er tidvis med på notane men greier ikkje scora på dei sjansane me har og då vert det vanskeleg. Men alt i alt ein godkjent kamp som Stryn vinn fortent men me med på notane og tek med oss presentasjon til neste kamp.

Stryn trenar Geir Inge Rake: 

Som forventa ein tøff kamp med mykje dueller og trøkk.    Har ballen Mykje, men slit med å tre oss igjennom Vik muren. Den kollektive innsatsen er god,sjølv om kvaliteten på spelet var mindre bra.

Kaupanger – Fjøra: 

Måla til bortelaget vart scora av: 
Kenneth Blomseth Skjerven,Andreas Lerheim Olsen,Tor Håkon Sveen,Mathias Hovland.

Slutt resultat: 0-4

Lurifax Support fekk følgande kampanalyser: 

Kaupanger trenar Ørjan Hjellhaug: 
Karane jobber godt, men i dag får vi ikkje til det banespelet vi bruka. Fjøra solide bakover og vi skapar dessverre lite idag. Kun 3 dager pause mellom sist kamp mot Florø 2 og det kunne sjå ut som det var endel slitene bein ut på der. Fjøra vinner fortent.
Assistent trenar Fjøra Jens-Ivar Nilsen: 
I dag varierte vi i prestasjon og spill. Fra veldig bra til planløst og enkelt.
Kampen ble en krig, og vi blir i litt for stor grad med på det i vårt eget spill.
De gangene vi får ballen i gang er vi klart best, men Kaupanger skal ha skryt for at de er robuste og jobber godt og hardt.
Gutta skal ha honnør for at de står på og viser at de vil vinne!
Til syvende og sist har vi bedre kvalitet i laget og det gjør at vi vinner fortjent. I tillegg har vi en bred tropp, noe som ble bevist i dag siden alle som kom inn fra benken preget kampen på sin måte!
Til slutt må jeg nevne at vi ble snytt for et soleklart straffespark, og det førte til at det ble hett en periode både på og utenfor banen!
Takk for kampen til Kaupanger. Lokaloppgjør skal ha litt temperatur.
Fjøra spelar Eirik Kristoffersen: 
Tøff kamp. Gjer ein god første halvtime og scora to mål, og har god kontroll på kampen. Dett litt ned før pause, men leda fortjent til pause. Andre omgang slår Kaupanger mykje langt og får eit lite trykk, men skapar ikkje sjansar. Har veldig god kontroll etter 3-0, og kunne blitt enda meir. Viktig seier mot ein hardtspelande kaupangerlag.
Florø 2 – Studentspretten:

Måla til heimelaget vart scora av:
Moses Dyer,Lorent Callaku.Målet til bortelaget vart scora av:
Fredrik Røed

Slutt resultat: 2-1

Lurifax Support fekk følgande kampanalyser: 

Studentspretten trenar Gøran Wigum:  
Veldig stolt over innsatsen me legg ned. Møter eit Florø 2 lag som stiller med 7-8 spelarar frå førstelaget. Ut i frå sjansar bør me ha med oss poeng, då me bommar 3-4 gangar aleine med keeper. Masse positivt som me tek med oss vidare.

Årdal  FK- Dale IL:  

Måla til heimelaget vart scora av: 
Edvin Hestetun,Nicolai Laberg
Måla til bortelaget vart scora av: 
Einar Aase,Vegard Dyrstad

Kampanalyser frå laga si facebook side: 

Henta frå Årdal FK si facebook side: 
Gledeleg gjensyn med Kim Tangedal og fleire andre gode gamle fotballvenner i dag. Det enda til slutt 2-2, det prisar me oss lykkelige for, sidan me låg under 0-2 og var litt ute og sykla ei stund.
Edvin Hestetun og luftens baron, Nicolai Laberg, skåra våre mål.
Takk for kampen til Dale, takk for kampen til dommar Rolf Kåre Almenning og linjene Jonny Skjerven og Simen Solbakken Skjerven

Henta frå Dale IL si facebook side: 
Einar og Vegard scora måla våre då vi tok eit sterkt bortepoeng etter 2-2 mot Årdal på ærverdige Jotun stadion i dag.
Einar sende oss i leiing før pause, medan Vegard auka til 2-0 tidleg i 2.omgang. Desverre holdt det ikkje heilt inn denne gongen. Årdal scora to mål og jaga på for sigersmålet mot slutten, men heldigvis heldt vi unna og kunne innkassere det vi utfrå tabellsituasjonen må kunne kalle eit bonuspoeng.
Alt i alt var nok uavgjort eit greit resultat kampen sett under eit.
Elles var dette vår første graskamp for året. Uvant og ikkje minst tungt utover i kampen, men samstundes kjekt å kjenne graslukta etter gammalt.
Vi takkar Årdal og dommartrioen for kampen, og ser fram mot neste helgs batalje mot Vik på Dingemoen.

SPONSORAR LURIFAX SUPPORT:

http://fjordklippfrisor.no/CMS/Default.aspx

https://www.instagram.com/intersport_sogndal_/https://www.facebook.com/intersportsogndal/

http://www.systrening.no/

Bilderesultat for joars trafikkskule
http://www.solberg-trafikkskule.no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

19 + 8 =