Kretsligaen: Kampanalyser 5.serierunde.

Høyang – Stryn:
Slutt resultat:0-0.

Lurifax Support fekk følgjande kampanalyser:

Høyang trenar Leif Arne Tveit:
Må være realister iht inngang til kamp. I fjor spelte vi jamnt mot Stryn 2 i 5.div. Med litt svekka lag i dag må vi være fornøgd med 1 poeng mot Stryn.

Stryn trenar Geir Inge Rake:
Kjem til ein del store sjanser som vi bør sette. Men produsere for lite. Slit siste tredjedelen. Ein kamp vi bør vinne men får ikkje flyt i spelet.

Førde – Florø 2:

Måla til heimelaget vart scora av:
Vegard Gjermundstad,Fredrick Adrian Rørstadbot,Ruben Holsæter,Oskar Roti.
Slutt resultat:4-0.

Lurifax Support fekk følgjande kampanalyser:

Førde trenar Gisle Isene:
Leverar ein godt gjennomført kamp frå start til slutt. Noko som er eit steg i riktig retning. Gjorde mesteparten av jobben gjennom aggresivt press, og kunne vunne med det dobbelte.

Florø 2 trenar Frode Nybø:
Ikkje så mykje å si, fortjent heimeseier. Litt senior mot junior.

Syril – Årdal FK:

Målet til heimelaget vart scora av:
Cornelis Erstad.
Måla til bortelaget vart scora av:
4*Truls Hovland,Nicolai Laberg,Ole Gunnar Kjødnes,Terje Kvam Øvstetun.
Slutt resultat:1-7.

Lurifax Support fekk følgjande kampanalyser:

Syril trenar Jan Tore Slinde:
Blei tungt i dag dessverre. Årdal er gode og me blir løpande mellom stort sett heile kampen. Skuffande at me ikkje prestera betre. Mykje av det får eg ta på mi kappa.

Årdal FK trenar Ivan Øy:
Me reiste til Leikanger med treningskampen ifra i vinter med friskt i minne og var bestemt på å visa at det var eit lite arbeidsuhell fra vår side . God 1.omg av oss der me avgjer kampen , ein heller litt slurvete 2. Omg men godkjent .

Studentspretten – Bremanger:

Målet til heimelaget vart scora av:
Pål Madsen Gundegjerde.
Slutt resultat:1-0.

Lurifax Support fekk følgjande kampanalyser:

Spretten trenar Gøran Wigum:
Nok ein solid kamp frå oss. Styrar kampen godt og er solide bakover, men slit med å sette sjansane våre. 3 poeng var det viktigaste i dag 👍

Bremanger trenar Torbjørn Glomnes:
Vi møtte et godt og aggresivt heimelag. Men vi forsvarte oss meget godt uten at vi klarte å skape så mykje foran motstanderens mål. Spretten leia fortjent til pause.
I 2.omg klarte vi å komme på litt fleire overganger og var veldig nær å stjele med oss et poeng i noen hektiske slutt minutter. Samtlige spillere la ned en strålende innsats.

Tornado Måløy – Kaupanger:

Målet til heimelaget vart scora av:
Benjamin Frantzen.
Måla til bortelaget vart scora av:
2*Trond Vegard Kim Ripe.
Slutt resultat:1-2.

Lurifax Support fekk følgjande kampanalyser:

Tornado Måløy trenar Erik Sandal:
Okei førsteomgang av oss der vi leder 1-0 til pause. Har 2 store sjanser i begynnelsen av 2 omgang som vi ikkje scorer på. Etter 60 min tar Kaupanger over kampen. Vinner alt av dueller og dei orker meir enn oss. Hadde forventa at vi bestod bedre etter ein okei start på sesongen.
Nye muligheter allerede på torsdag.

Assistenttrenar Kaupanger Brede Nymark:
Årsbeste fra oss og fortjent seier, uten tvil!Idag e eg stolt av karadn, detta e ein solid lagseier! 💪Mi e forberedt på ein meget vanskeleg bortekamp, å veit at mi må vera påskrudd, legga ned innsats, ha viljen og ha tru på oss sjøl.
Mi ha jobba litt med vårt spel og korleis mi vil framstå. Da ser mi igjen idag, men mi kan enda bedre.
Kampen vingla litt i starten og Tornado Måløy får eit tidlig mål. Utøve omgangen tek mi meir og meir styring, med ball og uten.
Pause praten e enkel, her e da berre å fortsetta so kjem målet. Samtidig føle mi at mi ha kontroll på da TMFK foretek seg.
Sjølv om da e noken store muligheta te heimelaget tidleg i omgangen, klara mi å halda på vårt, ve tolmodige og ha trui. Mi får etterkvart betalt og ha snudd kampen. Derfra og ut, e da ingen tvil. Mi kunne punktert kampen etter noken situasjona med 4v3 og 3v2.
Takk for kampen, TMFK og dommartrio, lykke til vidare.

Eid – Dale:

Måla til heimelaget vart scora av:
2*Johan Pasit Skorge,2*Ole-Andreas Aarvik,Kristian Lefdal.
Måla til Dale vart scora av:
2*Vegard Dyrstad.
Slutt resultat:5-2.

Lurifax Support fekk følgjande kampanalyse:

Eid trenar Dan Jøran Hafsås:
Fabelaktig 1.omgang. Katastrofalt 2.omgang.

Dale trenar Benny Rivedal:
Vi får en veldig dårlig start og blir hardt straffet av et godt eid Lag. Når vi ligger under 3-0 før kvarteret er gått, handler resten av kampen om å begrense tapet. Vi får gjort noen justeringer og tar med oss at vi vinner 2.omgang 1-0.

Lurifax Support sine samarbeidspartere er:


http://http://fjordklippfrisor.no/

https://www.instagram.com/intersport_sogndal_/
http://https://www.facebook.com/intersportsogndal/?fb_dtsg_ag=Ady09YX9OtQI2bHKBtQcFM5CcQRZ6W54IAeMQZJCu2m79w%3AAdzPOpv-y2IT4ivBmCKKD3AoqH1m1C2S2Dfm_n7j9P6oVQ

http://http://www.amfi.no/kjopesentre/amfi-sogningen/

http://http://www.systrening.no/
Bilderesultat for joar solberg trafikkskule
http://www.solberg-trafikkskule.no/

https://www.facebook.com/gastadesign/
https://www.gasta.no/

https://www.facebook.com/Kafé-Krydder-219557774727418/

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

14 + six =