Kretsligaen: Kampanalyser 3.serierunde.

Studentspretten – Dale: 

måla til spretten vart scora av:
Christopher Steensohn,Pål Madsen Gundegjerde,Magnus Bjørvik.
Måla til Dale vart scora av:
2*Tommy Andrè Holm.

Videolink til måla:

Lurifax Support fekk følgjande kampanalyser:

Studentspretten trenar Gøran Wigum:
Mykje flott offensiv fotball, men ynskjer fleire scoringar på dei store sjansane. Defensivt er me litt shaky i første omgang, noko me får retta på i andre omgang. Smakte uansett godt med 3 poeng!

Eid – Årdal FK: 

Måla til Eid vart scora av:
2*Johan Pasit Skorge,Marius Henriksen.
Målet til Årdal vart scora av:
Truls Hovland.

Slutt resultat:3-1.

Lurifax Support fekk følgjande kampanalyser:

Eid trenar Dan Jøran Hafsås:
Viktig og veldig deilig seier. Synst Årdal er meget bra spesielt første 30 minutta og er flinke spesielt på å plukke 2.ballar. Truls Hovland i ei eiga klasse – meget bra spelar. Vi får etterkvart tempo på ball, god posisjonering, gode kombinasjoner og scora både 1 og 2 før pause. Etter pause er vi taktisk disiplinerte sjølv etter et frisparksmål i mot.
Enorm lagsiger av gutta

Årdal Fk trenar Ivan Øy:
Me starta værst tenkelig vis med å servera dei 1-0 med ein gedigen feilpasning og i tillegg er for unøyaktig i altfor mykje som me føretak oss . Eid vinn fortjent.

Førde – Stryn: 

Måla til Førde vart scora av:
2*Brage Sandvoll,Vegard Gjermundstad,Martin Dvergsdal,Mathias Lambrechts Sagevik.
Slutt resultat:5-0.

Lurifax Support fekk følgjande kampanalyse:

Førde trenar Gisle Isene:
Veldig bra gjennomført kamp. Vi er best i alle fasar, og vinn fortjent. Skulle hatt fleire mål.

Stryn trenar Geir Inge Rake:
Førde var betre enn oss på alt i dag. Kollektiv svikt. Fysikk, lite samhandling, for sein i det meste. Ingen rytme. Slike kampar får ein innimellom.
Må berre omstille oss kjapt inn mot 16 mai.

Syril – Høyang:

Måla til Syril vart scora av:
Morten Mangerøy Helland,Andrè Thorsnes Talle.
Måla til Høyang vart scora av:
Luis Nedrebø Maureira,Michael Hansen Våge,Nikolas Trollebø.

Slutt resultat:2-3.

Videolink til måla:

Lurifax Support fekk følgjande kampanalyser:

Syril trenar Jan Tore Slinde:
Me var frykteleg skuffa etter prestasjonane mot Bremanger i forrige kamp. I dag er det ein heilt anna trøkk og vilje i oss. Surt og stå igjen med 0 poeng.  Syns synd i gutane, for totalt sett så er me det beste laget i dag. Det er framgang og det må me ta med oss.

Høyang trenar Leif Arne Tveit:
3 poeng i ein veldig viktig kamp. Var fornøgd med første 30 og siste 15. Mellom der var det mykje som ikkje stemte. Bra med scoring av 15årige Nikolas Trollebø som blei matchvinnar med sitt første mål for a-laget. Godt å vinne på ein litt dårlig dag.

Kaupanger – Bremanger:

Slutt resultat:1-0.

Lurifax Support fekk følgjande kampanalyser:

Assistenttrenar Kaupanger Brede Nymark:
Ein rufsete kamp. I periodar bruka mi ball å er gode, men mykje av kampen ender opp med duellar. Der er vi solide og vinn mykje. Mi får 1-0 på ein corner etter 33min, det held inn til pause.
Det mi blir enige om å betre til 2.omg, får mi ikkje til. Ikkje vår beste kamp, men mi gjer jobben. Er gode bakover, og ryddar opp. Kampen er prega av mykje krig og duellar, det øydelegg for vårt eige spel, men viser at mi også tek sånne kampar. Fortent seier og 3 viktige poeng!

Bremanger trenar Torbjørn Glomnes:
Det ble ingen stor kamp på Kaupanger av noen av lagene. Kaupanger scoret på en corner. Dette ble kampens eneste mål. Eller ble kampen skjemmet av mange røde og gulekort. Noe dommeren bidrog sterkt til.

Tornado Måløy – Florø:

Måla til Tornado Måløy vart scora av:
Benjamin Frantzen,Marius Stavenæs Refvik.
Målet til Florø 2 vart scora av:
Thomas Hallstensen

Slutt resultat:2-1.

Lurifax Support fekk følgjande kampanalyser:

Tornado Måløy trenar Erik Sandal:
I dag er vi heldige og tar alle 3 poenga. Ingen god kamp av oss der vi ikkje er i nærheten av prestasjonene vi har hatt dei 2 andre kampane.

Florø 2 trenar Johan Wennberg:
Surt tap. Hadde Förtjent mer. Gutta legger ner stor insats och visar meget god kvalitet med ball. Allt i allt en veldig bra genomfört kamp. Men ett skuffende resultat.

Lurifax Support sine samarbeidspartere er:


http://http://fjordklippfrisor.no/

https://www.instagram.com/intersport_sogndal_/
http://https://www.facebook.com/intersportsogndal/?fb_dtsg_ag=Ady09YX9OtQI2bHKBtQcFM5CcQRZ6W54IAeMQZJCu2m79w%3AAdzPOpv-y2IT4ivBmCKKD3AoqH1m1C2S2Dfm_n7j9P6oVQ

http://http://www.amfi.no/kjopesentre/amfi-sogningen/

http://http://www.systrening.no/
Bilderesultat for joar solberg trafikkskule
http://www.solberg-trafikkskule.no/

https://www.facebook.com/gastadesign/
https://www.gasta.no/

https://www.facebook.com/Kafé-Krydder-219557774727418/

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

16 − fourteen =