Kretsligaen: kampanalyser 2.serierunde:

Årdal – Førde:   
Dommar: Yngve Håkonsen
Assistentdommar 1: Jarle Andersen
Assistentdommar 2: Kristoffer Mannsverk Bringas

Måla til heimelaget vart scora av:
Truls Hovland,Joachim Furset,Johnny Aspeseter Hagen.
Måla til bortelaget vart scora av:
Brage Sandvoll,Sander Aamelfot.

Slutt resultat:3-2.

Lurifax Support fekk følgjande kampanalyser:

Årdal FK trenar Ivan Øy:
god 1.omg, litt laber 2.omg men dreg seieren i land og har 6/6 p etter 2 kampar👍🏻 godt fornøgd med poengfangsten

Førde trenar Gisle Isene:
Burde få meir ut av kampen når vi ledar den to gangar. Vi må vere tøffare og meir kyniske i dei avgjerande øyeblikka i kampane.

Høyang – Eid: 
Dommar: Steffen Renè Arnesen Mandelid
Assistentdommar 1: Torgeir Heimdal Aase
Assistentdommar 2: idar Andre Tenold-Saglien

Målet til heimelaget vart scora av:
Joakim Sjøthun Måren
Målet til bortelaget vart scora av:
Johan Skorge

Slutt resultat:1-1.

Lurifax Support fekk følgjande kampanalyser:

Høyang trenar Leif Arne Tveit:
Føler vi bygger vidare på Førde kampen og matcher eit godt Eid lag. Bra med kun 2 baklengs til sammen mot Førde og Eid. Fornøgd med 1 poeng i dag sjølv om vi burde forsvart oss bedre etter å ha tatt ledelsen mot slutten.

Eid trenar Dan Jøran Hafsås:
Veldig skuffande. Får ikkje til spele vårt i dag. Produserte nok til å vinne, men kunne og tapt.
Ikkje godt nok.

Syril – Bremanger: 
Dommar: jegatheesan Jeikishan
Assistentdommar 1: Sverre Fredheim Tangen
Assistentdommar 2: Therese Figved
Dommarveiledar: Thor Kristian Sortevik

Måla til bortelaget vart scora av:
Martin Klakegg hauge,Simen Hamre,Kim-Christian Liset.
Slutt resultat:0-3.

Videolink til 0-1 og 0-3:

Lurifax Support fekk følgjande videointervju:

Dale – Tornado Måløy: 
Dommar: Elias Åsebø
Assistentdommar 1: Andreas Ytredal Akse
Assistentdommar 2: Raymond Mjømen.

Måla til bortelaget vart scora av:
Marius Stavenæs Refvik,Thor Aage Pleym Evensen,Erik Hovden Flataker,Sondre Myhre Silden.
Slutt resultat:0-4.

Lurifax Support fekk følgjande kampanalyser:

Dale trenar Benny Rivedal:
Jevn åpning og eg føler vi er på vei til å overta oppgjeret når vi får ganske to tette baklengs etter egne feil.
2.omgang starter ned store sjanser til oss og vi dominerer banespelet, men vi får ikkje ballen i mål. Sender masse folk opp i angrep mot slutten for å få ei redusering men isteden kontrer tmfk inn to nye mål helt på tampen Føles ikkje bra å tape 0-4 når eg syns vi minst er like gode som motstander. Tmfk forsvarte seg bra og mål preger kamper. Skal og leggast til at vi var uheldige med skade tidlig i oppgjeret på Dyrstad. Vi gratulerer Tmfk med sigeren, så må vi berre riste av oss skuffelsen.

Tornado Måløy trenar Erik Sandal:
God bortekamp med ein god struktur i laget. Herlig lagseier, der vi vinner fortjent som eit lag.

Stryn – Studentspretten: 
Dommar: Rolf Kåre Almenning
Assistentdommar 1: Muhamet barlla
Assistentdommar 2: Surekumar Kathiravel

Måla til heimelaget vart scora av:
2*Håvard Kroken,Marius Rauset.
Målet til bortelaget vart scora av:
Thomas Minde.

Slutt resultat:3-1.

Lurifax Support fekk følgjande kampanalyser:

Stryn trenar Geir Inge Rake:
Vinn kampen på ein litt dårlig dag. Kolletive presset er fråverande. Mykje feilpassninger  og der-med lite flyt. Har heldigvis mykje å gå på. Kampen mot Sogndal sat vel litt i beina. Gutta virka slitne, men 3 poeng 🙂

Florø 2 – Kaupanger:
Dommar: Jakob Sande Søgnen
Assistentdommar 1: Arve Ekehaug
Assistentdommar 2: Asbjørn Kåre Grinde Håre.

Måla til bortelaget vart scora av:
Trond Vegard Kim Ripe,Torjus Halsne.
Slutt resultat:0-2.

Lurifax Support fekk følgjande kampanalyse:

Assistenttrenar Kaupanger Brede Nymark:
Mi vise tydeleg at da bur mykje i laget, med ein brei og god tropp. Idag ha mi også med debutant og Kauping, 15 år unge Erlend Loftesnes!
Kampen starta litt svakt av oss, da mi slit med å finne riktig presshøgde. Da gjer at mi blir ganske lave, og Florø får styrt ein del. Mi slepp dei ikkje til mykje, men dei har klart mest ball. Utover omgangen heva mi oss, og tek litt meir tak. Fleire gode kombinasjona og smarte angrep, saman med godt duellspel og gjenvinning.
Går opp i ledelsen med eit flott frispark av Trond Vegard Ripe. Resten av omgangen byr på lite, men Florø har eit skudd i tverrliggaren nokre minutt før pause. Her ha mi margin med oss.
I pausen gjer mi noken justeringa. Dei treff mi godt med, å styre starten. Når mi får 2-0, e kampen vår. Mi gjer jobben, kontrollera, e smarte, og slepp Florø til lite sjølv om dei har mykje ball. Dei som kjem inn fortsette med dan solide jobben.
Fortjent at mi tek med 3p heim!

Lurifax Support sine samarbeidspartere er:


http://http://fjordklippfrisor.no/

https://www.instagram.com/intersport_sogndal_/
http://https://www.facebook.com/intersportsogndal/?fb_dtsg_ag=Ady09YX9OtQI2bHKBtQcFM5CcQRZ6W54IAeMQZJCu2m79w%3AAdzPOpv-y2IT4ivBmCKKD3AoqH1m1C2S2Dfm_n7j9P6oVQ

http://http://www.amfi.no/kjopesentre/amfi-sogningen/

http://http://www.systrening.no/
Bilderesultat for joar solberg trafikkskule
http://www.solberg-trafikkskule.no/

https://www.facebook.com/gastadesign/
https://www.gasta.no/

https://www.facebook.com/Kafé-Krydder-219557774727418/

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

ten + 16 =