Kretsligaen: Fjøra – Vik.

Dommarar: 
Jonny Skjerven     ( Hoveddommar)
brede Nymark       ( Assistentdommar 1 )
Faste Ystad Skjei  (Assistentdommar 2 )

Fjøra starter med desse 11: 
Håvard Follevåg Mjelleli,Eirik Husabø,Karsten Ellema Bjelde,Eirik Kristoffersen,Joar Robøle Hoberg,Morten Knutsen,Svenn Ove Gjøringbø,Andreas Lereim Olsen,Steffen Olsen, Espen Schøn Outzen,Malvin Gjerde.
Benk: 
Benjamin Haastø Sunde,Brage Asperanden Navarsete,Håvard Stedje,Stian Sælid Njøs,Sondre Loftesnes,Sindre Thue.

Vik sin tropp til dagens kamp: 
Stig Roar Hovland,Idar Andre tenvold-Saglien,Viljar Andersen,Svenn Erik Saglien,Håkon Jonar Skjerven,Aleksander Valsvik,Idar Holen,Joar Tryti,Erlend Fjærestad Aase Sondre Bertin Skjerven,Ole Andreas Hande,Ruben Bøtun,Martin Stadheim,Vegard Halset,Siver Fjærestad Aase,Mathias Stokkebø,Torgeir Heimdal Aase.

Førsteomgang:
Vik med avspark. Fjøra går opp til 1-0 ved spelar Morten Knutsen. Malvin legg ein 45 graderspassning ut og Morten sett ballen inn i buret bak Hovland.
Morten Knutsen er på ny frampå han snurra karusell med 3 vik spelarar og fyra av i frå 20 meter hald ballen susar inn i nettet.
Jonny skjerven signaliserer for drikkepause det er varmt her utpå Fosshaugane Campus i dag.
Saglien får stå heil aleine og breisider ballen inn i målet til Mjelleli.
Sondre Skjerven og Eirik Husabø går inn i ein saftig duell. Sondre Skjerven fekk seg ein smell og må gi seg etter den smellen.

Laga gjekk til pause ved stillinga: 2-1.

Andreomgang:
Fjøra med avspark.  Litt is på kneet så er Sondre Skjerven good to go igjen og blir bytta innpå igjen.
Rolig start på omgangen. Litt hawaii fotball her no ikkje så mykje som stemmer verken for heimelaget eller bortelaget.
Andreas Lerheim Olsen står heilt aleine og sender av eit skot som Hovland akkurat får fista over målet. Klasse redning der av sisteskansen til Vik.
Publikum ropar skyt men Kenneth Skjerven veit bedre. Han sentra ballen til Joar Hoberg som på elegant vis curla ballen inn i lengste. Stillinga er no 3-1 til heimelaget.
Oisann Svenn Erik Saglien fyrar av i frå spissvinkel og ballen snik seg inn i mellom stengene. Vart Mjelleli blenda av sola der tru? 3-2 no er det kamp igjen.
Drikkepause.
Steffen Olsen fyra av i frå langt hold og får igjen ballen på returen fyra av igjen og ballen treff tverrliggaren. Nokre cm lågare der så hadde ballen såtte limt inn i vinkelen.
Morten Knutsen kjem på løp stikk ballen inn i mellom forsvaret til Vik. LO snappar ballen opp og serverar Malvin Gjerde som sett ballen i mål. stillinga er no 4-2 til heimelaget.
Eirik Kristoffersen sender av gårde ein stikkar til Andreas Lerheim Olsen. Han tek med seg ballen inn i boksen og fyrar av eit skudd som fyk inn i lengste. 5-2 til raudtrøyene.
Håvard Stedje kjem seg fri og den var nok deilig for Stedje guten som sett ballen inn i mål til full jubel i frå familien Hamre/Stedje  Stillinga er no 6-2.
Stedje er på ny frampå,fyra av eit skudd midt på keeper som må gje retur og den havna midt i beina på Malvin Gjerde som sett ballen inn i mål.

Så var det slutt her på Fosshaugane Campus Fjøra vinn 7-2 over Vik.

Lurifax Support fekk følgande Videoanalyser:

 

 

Sponsorar:

http://www.systrening.no/

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

twelve + seventeen =