Intervju Gøran Wigum.

Lurifax Support tok seg i går ei lang økt i Sognehallen. Fekk sjå Fjøra trening,Kaupanger damelag sin trening,litt av Studentspretten damelaget sin trening og tilslutt herre laget til Spretten sin trening. Kom i hallen kl:16:30 og reiste kl:21:30.

Var så heldig med å få ein prat med studentspretten sin trenar Gøran Wigum.

Førstegangstrenar for spretten,korleis føles da? 
Det føles godt da. Blir spennande år og håpa at me kan bita godt i frå oss i 4.divisjon.

Sogn avis har dykk som ein av opprykksfavorittane har du sett deg noke delvis mål til da?
At vi er ein av opprykksfavorittane det får vi ta når sesongen startar. Det er jo lenge til sesongen byrjar. Men om vi klarar å prestera bra, at alle er fornøgde og glade så er eg fornøgd. Om vi skal rykka opp eller ikkje får vi ta når den tid kjem.
Fjøra,Stryn og Årdal som er dei klare opprykksfavorittane meina no eg! 

Du har vore litt i Fjøra og gjekk nyleg i frå dei for å få denne sjansen her. Har du noko meir formeining om da? 
Nei det er no voldsomt kjekt å få ein hovedtrenar jobb i ein  alder på  26 år då først og fremst.
I Fjøra så var eg berre assistent,der fortsatte jo Knut. Så då måtte eg sjå etter andre plassar for å bli hovedtrenar.

trenarteamet til Studentspretten vært sjåande slik ut: 
Hovedtrenar: Gøran Wigum
Spelande assistenttrenar: Håvard Grøteide
Assistenttrenar: Christoffer Honningsvåg
Fysisk trenar: Hilde Bremseth Bårdstu.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

7 − four =