5.Divisjon: Syril – Anga FK

Syril sin tropp til dagens kamp: 
Anders Magnus Eide Walaker,Amund B.Vikdal,Adrian H.Thue,Mathias B.Vikdal,Gard Grinde,Ole Morten Søderholm,Magnus R.Wolff,Erlend Husabø,Helge Gjerde Eggum,Adrian H.Gjermundstad,Steinar Henjum,Bård Henjum,Marius M.Aaberge,Andrè Thorsnes Talle,Håkon Orrestad,Sander Thorsnes Talle,Sondre Søderholm.

Anga FK starta med desse 11: 
Daniel wie Bruås,Nikolai Erikstad Sæterdal,Ivan Moldskred Dvergsdal,Frank Robert Værn,Martin Turøy Berge,Bernt Marifjæren Norevik,Alexander Lambrechts Lekva,Jonas Njøsen Hilding,Jørgen Hage Lambrechts, Sander Dvergsdal,Vegard Syversen,
Benk: 
Kenneth Fugle Russnes,Andreas Opseth,Nicolai Rinnan Knutson,Simen Fossen,Stian Evebø,Håkon Lauvland Bjørnevik.

Førsteomgang:
Syril med avspark. Roleg åpning av kampen så langt. Frispark Anga men det går rett i klypene til Walaker.
1-0 til Syril Sondre Søderholm stanga den inn i buret.
2-0 i frå spissvinkel og Helge Gjerde Eggum fiksa det sjølv og dunka ballen inn i målet til bortelaget.
Ikkje langt i frå der at Ringreven Steinar Henjum norterar seg for  scoring men stillinga er enda 2-0 til heimelaget. 

laga gjekk til pause ved stillinga 2-0 til Syril.

Andreomgang:
Anga  skal sparke i gang 2.omgang.
For eit blikk av Steinar henjum som ser at Ole Morten Søderholm er på løp! 45 graderspassning og vips så ligg det 3-0 i nota til Anga.  Eko så har vi 2 brør på scoringslista i dag brødrene Søderholm.
3-1 Anga scorar i frå spissvinkel usikker på målscorar men eg trur det var Sander Dvergsdal som putta for bortelaget.
Frispark Syril: Marius Midtun Aaberge stiller seg opp for å ta det. Han skrur ballen inn i nota via stolperota og inn. 4-1 til heimelaget!
5-1 
 Ved evig unge Steinar Henjum som har hatt sine sjansar i denne kampen men ikkje hatt heilt touchen med seg men når alt stemmer så er det lite som skal stoppe han i  frå å scora.

Kampen ebber ut 5-1 til heimelaget.

bilde Dommaren i luftig svev etter kampen!

 Ein del publikum som hadde tatt turen opp til Syril Stadion i kveld.

Kampanalyse Syril Trenar og Videoanalyse i frå Anga trenar:  

Syril trenar Jan Tore Slinde: 
Syns me gjennomføre ein meget solid kamp. Planen var ganske enkel. Aggressive og direkte. Litt vanskeleg motvind i førsteomgang, men me går fortjent til pause med 2-0. I andre omgang er me stort sett solide og det var vel eigentleg berre eit spørsmål om kor stor seieren skulle bli. Me scorer igjen 5 mål, og det er positivt at me skaper enormt med sjanser. Absolutt mykje positivt å bygge videre på👍

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 + 19 =