3.Divisjon kvinner: kampanalyser og resultater.

Kaupanger 2 – Førde:

Måla til heimelaget vart scora av:
2*Siv Reagen Hickman,Marta Dalaker.
Slutt resultat: 3-0

Lurifax Support fekk følgande kampanalyser: 

Kaupanger 2 trenar Roger Hjellhaug: 
Etter igjen å slite  med å komma i gang så fekk me sett spelet våres og fekk rulla opp angrep etter angrep i 1.omg og skora to fine mål.
I 2.omg så sette Førde inn eit ekstra trøkk på oss utan å skapa noko sjansar.
Til slutt skorar me 3-0 på overtid og vinn fullt fortjent.

Førde Trenar Robert Lange:
Sammenfatninga av dagens kamp i Kaupanger er relativ enkel.
Kaupanger vant kampen veldig fortjent. Dei var tøffare i dueller, raskere med og uten ball og hadde lyst til å spele fotball.
Det må og nemnast, at vi pga skade og skjudom så hadde vi berre med 12 spelarar med på kampen (11 frå Damelag + 1 frå ´03).
Vi vil lære frå kampen og kjem sterkare tilbake for dei to siste kampane i vårsesongen.

Tornado Måløy – Balestrand:

Slutt resultat: 1-0

Lurifax Support fekk følgande kampanalyser:

Balestrand spelar Anne Aune:
Ein kamp som Tornado Måløy styre og dæm kjæm te mang sjansa. Vi slit derimot med å skap sjansa, og vi spring stort sett imellom, men vi kunna ha utligna på dæm mulighetan vi fikk.

Vik – Høyang: 

Målet til heimelaget vart scora av: 
Helga Brudevoll
Målet til bortelaget vart scora av: 
Anja Pettersen
Slutt resultat: 1-1 

Lurifax Support fekk følgande kampanalyser:

Vik trenar Robert Hovland:
Me får tidleg 1-0 etter eit godt slått frispark der Helga Brudevold scorar på returen. Ellers spelar me årsverste i 1.omg. Det var mykje vind som gjorde at spelforholda var vanskelige i dag.
I 2.omg hevar me oss kraftig. Då skapar me nok sjanser, både spel og på dødballar til å avgjera kampen.
Høyang fekk også nokre store sjanser, men totalt tykkjer eg me er betre og bør avgjera kampen etter ein god 2.omg.

Høyang trenar Thomas Frichsen:
1-1 jamn kamp som kunne gått begge vegar.

Jotun – Sogndal: 

Slutt resultat: 1-1

Lurifax Support fekk følgande kampanalyser:

Jotun trenar Frank Roger Eldegard:
Det enda 1-1 i oppgjeret, noko bortelaget kan vere mest nøgd med. Spelemessig var Sogndal litt betre i 1.omgang. Medan heimelaget sto for dei fleste sjansene.
I 2.omg var Jotun nermast sigeren men blei berre nesten. Likevel greit å avslutte den leie trenden med tap i jamne oppgjer for Jotun.

Sogndal trenar Brede Nymark:
Idag skulle me reist heim med full pott. Uavgjort er ikkje godkjent. Mi e gode i dela av spelet, og ha fleire fine kombinasjonar, men svikta på siste tredjedel. Til tross for ein rotete kamp, so e mi da førande laget, styre kampen og burde avgjort lenge før slutt. Mi ha sjansane som ska til, men klara ikkje å få ballen i mål. Dette e eit steg tilbake, mi e nøtt til å heve oss. Da blir for mykje nesten, som fleire kampa i år ha våre. Mi må klare å vippe sånne kampa i vårt favør, sjølv på ein dårleg dag
mi ha spelet, vinne første og andre ball, jobba knallhardt, gode på dei fleste områder. Klara ikkje å få roa oss ned og blir for upresise når det kjem til nøkkelpasningen. Greit levert kamp, men plukka ikkje mykje poeng når mi ikkje vippa dessa vår veg. Gjengangar i år. Tonje er ny debutant fra jentelaget idag, gjer ein god jobb. Mangla noken spelara som i utgangspunktet hadde starta, og stille med ungt lag. Tek det positivt at mi til tross for dette levera ein god kamp. Idag skal mi ikkje leite etter unnskyldning, mi ha berre oss sjølve å takke.

Sponsorar Lurifax Support: 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

six + nineteen =