3.Divisjon kvinner: Kampanalyser og resultater.

Vik – Jotun:  

Målet til heimelaget vart scora av: 
Tiril Maria Valsvik.
Slutt resultat: 1-0.

Lurifax Support fekk følgande kampanalyser:

Vik Trenar Robert Hovland:
Me spelar årsbeste i 1.omg Me kjem til mange innlegg, skaffar oss mange dødballar og skapar store sjanser. Eg etterlyste scoring på corner før kampen og fekk det,endeleg. Me har hatt utallige farlige cornerar i kampane før men har ikke fått pressa dei inn. Stillinga til pause 1-0, men det kunne vore 3-4.
i 2.omg jamnar kampen seg ut, Jotun med litt større ballinhav enn oss, men framleis me som skapar dei største sjansane. Så i staden for drepe kampen vert det spennande til siste slutt.
Herleg med 3 poeng.

Jotun Trenar Frank Roger Eldegaard:
Jotun hadde heile 7 ute av spel til dette oppgjeret. Med 10 friske og eit par-tre sjuke og skada på tur, var me budde på tøffe tak. Låg djupt i 1.omg og Vik skapte lite, kun ein del innlegg som Jotun hadde brukbar kontroll på. 1-0 kom på ein markeringsvikt på corner. Rett etter blir me snytt for ein klar straffe. Jotun flytta gradvis høgare og tok etter kvart over. 
Kjempa godt med utespelar i mål og ingen innbyttara siste 45. 
Nokre sjansar på slutten men dessverre utan uttelling for Jotun.

Sandane – Studentspretten:

Målet til heimelaget vart scora av:
Marit Mardal.
Måla til bortelaget vart scora av:
Birgitte Fossheim Dokken,2*Kristin Solås.
Slutt resultat: 1-3.

Lurifax Support fekk følgande kampanalyser: 

Sandane Trenar Jan Asle Rustøen: 
Vi møter eit godt lag i dag. Etter ein bra start på kampen tek gjestane over litt av initiativet i kampen og scorar to mål i løpet av omgangen.
Vi har overganger og sjansar til å utlikne dette men er ikkje effektive nok foran mål enda.
2.Omgang  klarar vi å sette eit høgare press og får mykje mmeir ballvinning i midtbana, men vi slit veldig med nøyaktigheten på overgangane og Studentspretten har dermed bra kontroll i forsvar.
Siste 20 min kjører vi kampen men kun eit mål og eit annullert for  Offside holder ikkje til å snu kampen.
Alt i alt ein fortjent seier til Studentspretten.

Studentspretten Trenar Brage Yndesdal: 
Rotete fotballkamp. Vi er blitt gode på å få med oss resultat på dårlege dagar. Toppscorar frå i fjor, Kristin Solås, puttar to og Birgitte Fossheim Dokken headar i mål på corner. Vi slepp Sandane/Breimsbygda inn i kampen mot slutten. Dei kjempa godt i andre omgang

Stryn – Høyang:

Måla til heimelaget vart scora av: 
Anna Rekdal Johannsdottir,2*Katrin Oppheim,Saeideh Tajik,Mariell Taraldset.
Måla til bortelaget vart scora av: 
Helene Birkeland Søreide,Camilla Komperud.
Slutt resultat: 5-2.

Lurifax Support fekk følgande kampanalyser:

Stryn Trenar Halvard Bøe:
Vi spelar en god kamp. Har føringa gjennom heile kampen. Vi får ett fint mål i første omgang.
Etter pause tar vi enda meir over og scorar 3 kjappe tidlig i omgangen. Så slurver vi litt. Dei får et par sjansar og scorer et mål. Vi forsett å spele god fotball og scorer 5-1 før dei fastset sluttresultatet til 5-2.

Høyang trenar Thomas Fritzen:  
5-2 til Stryn i ein kamp Stryn ville mest i dag.

Sogndal – Førde:

Måla til Førde vart scora av:
2*Linda Saltskår-Karlstad,Åshild Mei Hartveit,Alise Takvam,Henriette Skogsøy hansen.
Slutt resultat: 0-6.

Lurifax Support fekk følgande  kampanalyse: 

Sogndal Damelagstrenar Brede Nymark:
Førde vinne fortjent, dei e meir på i det meste og da virka som dei har meir vilje. Mi ha ein god start på kampen, der det meste går etter planen. Når Førde får 0-1 rakna mi litt og dei styre resten. Det samme skjer i 2.omg, me er gode i starten, men raknar litt når Førde får omgangen sitt første mål.
Det er litt marginar imot idag, me har noken sjansar som bør gå inn, og Førde heldige ved noken mål. Fortjent seier, men skulle gjerne fått pynta litt på resultatet.
Kampen blir som den blir, til slutt jobbar me for å få eit mål eller to.
Dagens positive: 15år gammel debutant gjer ein strålande jobb som stopper. Nullstille i pausen. Er solide i våre gode periodar.

Videoanalyse Førde trenar Robert Lange: 

 

Kaupanger 2 – Balestrand: 

Måla til heimelaget vart scora av: 
3*Kristi Fondenes Vangsnes,3*Siv Reagen Hickman,Marta Dalaker,Kristin Dvergedal,Haleema Hamilton Frøiland,Helena Træland Navarsete,Anna Sandvik Gloppen.
Slutt resultat: 11-0.

Lurifax Support fekk følgande kampanalyser:

Kaupanger 2 trenar Roger Hjellhaug: 
Etter ein litt trå start der me var litt oppkava i spelet våresog spelte på små områder og voldsomt komprimert. Etter ein drikkepause midtvegs i 1.omg fekk me justert litt og var meir på etter dette i forhold til bevegelse,kommunikasjon og innlevelse og fekk brukt breidden mykje meir i angrepsspelet våres.
Dette drog vi med oss vidare i 2.omg og resten av kampen med mykje bra kombinasjonsspel.
Til slutt stod da 11-0. So no er da berre å dra med seg den gode følelsen inn i dei kommande kampana.

Balestrand spelar Anne Aune:
En kamp der vi rett og slett ikke har sjans. Dæm va bedre ennj oss. E itj så my meir å sei 😉

Sponsorar:

http://www.systrening.no/


http://fjordklippfrisor.no/CMS/Default.aspx

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

seventeen − 6 =