3 Divisjon damer: Sogndal Damelag – Tornado Måløy.

Dommarar: 
Marianne Aakre Laugerud   ( Hoveddommar  Førde IL )
Bendik Haarberg                       ( Assistentdommar 1 Studentspretten )
Ole- Johan Feidje Nordeide  ( Assistentdommar 2 Balestrand IL )

Sogndal Damelag sin tropp: 
Sigrid Foss,Dina Beate Lerum,Elin Mohaugen Stensrud,Maria Fosshagen,Amalie Sjøvoll Hauglund,Andreea  Marusia Sandor,Synne Slåen Nornes Kristin Bergheim Lykkeslett,Vilde Slåen Nornes, Ingvil Eleonore Dybwald Mundhjeld, Trude Kveane, Irene Steig.

Tornado Måløy sin tropp:
Andrine Vinge,Iselin Navelsaker Røed,Elise Lefdal,Felicia Nalbrant Nordpoll,Beate Lillestøl,Emilie Volle,Rakel Televik Blaalid, Lovise Silden,Ann Katrin Røsok Kvalheim,Sofie Refvik,Ida Apneseth,Kaja- Malene Nykrem Hoddevik.

Førsteomgang:
Tornado Måløy med avspark.
Innlegg i frå høgrekant og Andreea Marusia Sandor heada ballen inn i målet 1-0 til Sogndal.
Innlegg i frå Amalie Hauglund: Trude Kveane plukkar opp ballen og skyt i mål 2-0 til heimelaget.
Marusia får ballen med seg inn i boksen og skyt keeper reddar! Men Trude kveane snappar opp returen og sett inn sitt andre mål for kvelden 3-0.

laga gjekk til pause ved stillinga 3-0 til heimelaget.

Andreomgang:
Sogndal med avspark. Det var ein tam start på omgangen med at Sogndal sleit med å få ballen ut.
Men det kom seg etterkvart.
Markrypar i frå høgrekant og Elin Stensrud plukka opp ballen. Chippar over keeper og i mål 4-0 til heimelaget.
Innlegg i frå høgrekant og Synne Slåen Nornes sett  ballen inn i mål. Stillinga er no 5-0 til Sogndal! 
6-0 Amalie Xu puttar for Sogndal.  Kampen ebbar ut 6-0 til heimelaget.

Kampanalyse Sogndal Damelag trenar  Brede Nymark: 
Me vinn 6-0, helde endeleg nullen i årets sesong og kjemme te mange sjansa. Ein uheldig situasjon tidleg i kampen er nok med å prega spelara og spelet litt, derav kjem litt ukonsentrasjon og unødvendige balltap. Da er ein solid kamp, der det meste fungera som det ska. Me ha mykje bra kombinasjona på sidene, som me ha jobba med over tid. Me er hurtig og gode i presset, gir Måløy lite tid med ball og gjenvinne mykje i bra posisjon.
Totalt sett godt nøgd med kampen og alle ledd på bana, mykje bra ballspel og kombinasjona. Tek også med oss punkt som skal forbetrast til neste kamp.
Takk til Tornado Måløy for ein god kamp. God bedring og lykke til vidare i sesongen !

Videoanalyse Sogndal Damelagspelar Andreea Marusia Sandor:

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

one × 1 =