3 Divisjon Damer: Kampanalyser og videoanalyser.

Stryn – Studentspretten: 

Målet til Stryn vart scora av:
Karoline Flo.
Målet til Studentspretten vart scora av:
Kristin Solås.
Slutt resultat:  
1-1. 

Kampanalyser:   

Henta i frå Stryn Damelag si facebookside: 
Det vart 1-1 i toppkampen heime mot Studentspretten. Det er en god kamp mellom to gode lag. Vi viser at vi skal vere med å spele jamnt med dei beste i divisjonen i år.
Det var et fantastisk flott mål av Karoline Flo. Ho tok med seg ballen frå eigen banehalvdel, dribler seg forbi «heile» laget til Spretten og set ballen kontrollert forbi keeper.

Assistenttrenar Studentspretten Damelag Brage Yndesdal: 
Begge laga går ut i høgt press frå start og dei fyrste minutta er noko rotete. Vi skapar sjangsar på dødball og går opp til 1-0 allereie etter 7 min på corner. Målskårar Kristin Solås. Vi har god kontroll i kampen, men slepp til Stryn mot slutten av 1. omg. Vi gjer ein del feil i forsvar og Stryn straffar oss før pause.
Andre omgang er også prega av at vi har ballen, men Stryn er farlege på kontringar. 1-1 er eit ok resultat for oss på bortebane mot eit ubeseira Strynlag.

Sogndal – Tornado Måløy 
Måla til heimelaget vart scora av: 
Andreea Marusia Sandor, 2*Trude Kveane,, Elin Stensrud, Synne Slåen Nornes,Amalie Xu.
Slutt resultat: 6-0.

Kampanalyse trenar Sogndal  og Videoanalyse spelar Sogndalspelar: 

Sogndal Damelag trenar Brede Nymark:  
Me vinne 6-0, helde endeleg nullen i årets sesong og kjemme til mange sjansa. Ein uheldig situasjon tidleg i kampen er nok med å prega spelara og spelet litt, derav kjem litt ukonsentrasjon og unødvendige balltap. Det er ein solid kamp, der da meste fungera som da ska. Me ha mykje bra kombinasjona på sidene, som me ha jobba med over tid. Me er hurtig og gode i presset, gir Måløy lite tid med ball og gjenvinne mykje i bra posisjon. Totalt sett godt nøgd med kampen og alle ledd på bana, mykje bra ballspel og kombinasjona. Tek også med oss punkt som skal forbetrast til neste kamp.
Takk til Tornado Måløy for ein god kamp. God bedring og lykke til vidare i sesongen !

Videoanalyse Sogndal Damelagspelar Marusia Andreea Sandor: 



Førde – Jotun:

 Måla til Førde vart scora av: 

1:0 Anna Riskheim Østvik  (31.min)
2:1 Amanda Røys Nesbakk (88.min)
3:1 Linda Saltskår-Kalstad    (90.min)
Målet til Jotun vart scora av: 
Ukjent.
Slutt resultat: 3-1.  

Kampanalyse Førde trenar Robert Lange: 
Etter to uavgjort har vi endeleg skaffa oss ein viktig seier.  Vi dikterte kampen frå start til slutt.  Rett etter pause var vi litt ukonsentrerte og fekk eit for enkelt baklengsmål. I dei to første kampane hadde vi fleire sjansar til å vinne som vi ikkje brukte  I denne kampen hadde vi igjen fleire 100% sjansar tidleg i kampen som vi ikkje nytta.  Vi ville ikkje spele uavgjort igjen, og tok derfor meir risiko dei siste 15min med ein ekstra spiss Det fungerte veldig bra. Ved 2:1 og 3:1 var innbytterne avgjerande   Seieren kom på grunn av kjempe god mentalitet og vilje.
Heile laget spelte veldig bra saman defensivt og offensivt. 

Vik – Sandane
Ukjent.

Kampanalyser i frå trenarane:

Vik trenar Robert Hovland:
For oss var det viktig å nullstilla etter ein god kamp mot Kaupanger  2, det klarte me ikkje.
Me spelar ikkje på det nivået me kan i 1.omgang. I 2.omgang hever me oss litt og trykker Sandane bakover.
Skaffar oss ein haug av dødballar, men klarar ikkje å trykke den inn. I staden er det Sandane som kontrar inn 2 mål. Sjølv om me har eit spelemessig overtak ofrar me ikkje nok for å vinne dei avgjerande duellane og då vert det tap.

Sandane trenar Jan Asle Rustøen: 
Vi kom til Vik med kun 11 spelarar og måtte dessverre ta hensyn til det. Fekk kampen litt inn i vårt spor spesielt i førsteomgang og det var avgjerande for at vi hadde krefter nok til andreomgang.
Likar å spela meir offensiv fotball enn det vi gjorde i dag.
To unge lag som møttes i dag og begge lag spelar fin fotball. Ein kjekk kamp som gjekk vår veg denne gangen fordi vi var godt organisert bakover.

Balestrand – Studentspretten:
Ukjente målscorar.
Slutt resultat: 2-2.

Kampanalyser   

Balestrand spelar Anne Aune: 
En kamp vi ikke helt klare å få tak på, men klare likevel å score 1-0 etter 20 min. Spretten e god med ball, og kjæm tebake i andreomgang og lede 1-2. På overtid score spretten sjølmål og det ende 2-2.
Alt i alt en god kamp der vi jobbe godt, men vi har my å jobb med når det gjeld å hold ball i laget. Vi e fornøyd og sjer fram te neste kamp borte mot Sogndal.

Studentspretten assistenttrenar Brage Yndesdal: 
Vi gjer som vi skal i fyrste omgang, men slit på siste tredel av bana. Balestrand har ein moglegheit som dei scorar på. I andre omgang går vi ut meir offensivt og pressar på for å score mål. Vi styrer spelet og skapar sjanse etter sjanse. Utlikninga kjem frå Elise Svaleng Johnsen etter 67 minutt. Balestrand tek meir tak i kampen etter målet. Mot slutten ofrar vi alt i angrep for å få vinnarmålet, og etter 2 stolpetreff lukkast me endeleg i det 90 minutt. Guro Aamlid slår lekkert til Maria Kjosås Berge, 2-1. Balestrand utliknar på frispark 1 minutt seinare, 2-2. Vi skulle hatt med oss tre poeng i dag, men set ikkje sjansane våre.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

fourteen − 8 =