Treningskamp: Sogndal Damelag – Vik Damelag

Foto: Robert Hovland – Vik sin tropp til kveldens kamp i Sogndal. 

Sogndal stiller med følgende lag (4-3-3): Sigrid Foss – Dina Beate Lerum, Kristin Bergheim Lykkeslett, Nora Henjesand, Maria Sætre Veum – Dina Krosshaug, Vibeke Solheim, Dorte Stedje – Amalie Hauglund, Marusia Sandor, Kristine Foss.
Benk: Dorthe Selseng, Amalie Hatlevoll.

Måla til Sogndal vart scora av:
Dina Beate Lerum, 2*Amalie Hatlevoll ,Amalie Hauglund.
Måla til Vik vart scora av: 
Oda Alice Stokkebø,Elise Fosse.
Slutt resultat: 4-2.

Kampanalyser i frå trenarane: 

Sogndal damelagstrenar Brede Nymark:

Det er med hospitantar frå Syril og Sogndal jentelag. Kampen blir spelt 3*30, derfor blir det lagt inn eit fokusområde før kvar omgang. Kampen starta rolig, der begge lag treng litt tid på å komme i gang. Begge lag leverar ein god kamp, med mykje bra spel. Me held mykje på ball og trillar rundt i vente på at den rette åpningen skal komme.
Er litt seine til å skru på brytaren, noko som resulterer i feilpasningar, unødvendige balltap, og svakt duellspel som gjer at Vik får god tid med ball. Den oppbyggande fasen av spelet har me brukt mykje tid på, me veit at den delen av spelet for det meste sitt som den skal. Dagens fokus er derfor flytta over på den offansive biten, som i vinter har vært for svakt. Det er brukt mykje tid på denne delen i den siste perioden. Spelarane held ballen i laget med fin ro, sjølv kor høgt me blir pressa. Det er fleire gode forsøk på å komme igjennom, men Vik gjer ein god jobb defensivt.
Etter kvart som me får på brytaren, er det mindre balltap og betre duellspel, dette fører også til at me får sjølvtillit til å komme i gang med det me har jobba med den siste tiden.

Me ser tydelege at spelet på siste tredjedel kjem seg, det er mange gode kombinasjonar som går hurtig og på få touch. Samspelet sitt godt mellom dei fleste, og det blir enda betre når hospitantane kjem med i rytmen. Det er mykje god bevegelse med og utan ball,kombinasjonar, utnyttelse av rom og gode pasningsvalg.

kjem til fleire gode sjansar, både på kant og gjennom midten. Alt i alt leverar spelarane ein god kamp og legg ned den nødvendige innsatsen. Fleire spelarar får prøvd seg i forskjellige roller, uten at dette påverkar spelet vårt noko særleg, dette er bra da heile laget veit korleis spelet er tenkt og dermed kan bekle fleire roller om nødvendig. Me ser da at me kan rokere på posisjon, og samtidig få holdt spelet i gang. Me nærmar oss sesongstart, den siste tiden skal me bruke godt.

Vik Damelagstrenar Robert Hovland seie dette om kveldens kamp: 

Kampen vart spelt i 3*30 der to omgangar var jamne og ein omgang der Sogndal var klart best. For oss var det ei viktig gjennomkjøyring med tanke på neste veke NM Telenorcup J16 mot:Førde og Stryn.
Så me mønstrar eit lag der 9 stk holdt jenteralder. Etter ein vinter med mykje snø i Vik var det godt å få 3*30  min ute.
Mange i den store troppen  vår fekk nyttige erfaringar mot gode spelarar frå Sogndal. 

Treningskamp: Sogndal2-Årdal FK.

Foto: Siri Andresen.

Sogndal2 starta med desse 11:
Kristian Rutlin,Eirik Lereng,Adam Khamurzayev,Eirik Stokkenes, Andreas Flåten, Jens Hundere Øvreseth, Erlend Hanssen Grov, Kasper Nissen,Anders Nord, Eivind Helgesen.
Benk: 
Fartein Bøyum,Eirik Skrede,Sondre Skjerven,Mathias Sundberg,ukjent.

Årdal starta med desse 11: 
Sivert,Nico,Brede,Ørjan,Fredrik,Marius,Simen,Ole Gunnar,Vegard,Anders.
Benk: 
Leander,Sander,Anders.

Førsteomgang: 
Årdal med avspark i førsteomgang. Frispark Årdal: Adam feller ein Årdalspelar og påtar seg eit gultkort tidleg i omgangen. Ikkje det store ut av det frisparket.

Sogndal2 trilla ball mens Årdal ligg kompakt.
1-0 Sogndal2: Innlegg i frå høgre og ballen treff Adam som ruvar på bakarste og heada ballen inn i mål.
Fantastisk beinparade av Kristian Rutlin der kunne vi fort ha vore likt i målprotokollen men det er enda 1-0 til heimelaget.
2-0: Kasper Nissen slår inn i frå venstre og treff Anders Nord som puttar ballen i mål.
Så var det ein rein brødre duell sida vi har ein bror i begge leira: Eirik Lereng bomma på ball mens Anders Lereng er på plass til rett tid og puttar 2-1 målet til Årdal.

Laga gjekk til pause ved stillinga 2-1. 

Andreomgang: 
Sogndal2 sparkar i gang omgangen. Ikkje det store som har skjedd så langt i omgangen. Heimelaget låg kompakt mens bortelaget trilla ball.
Årdal ha vore farleg frampå ved eit par høver men Rutlin har stått bra.

3-1: Eit innlegg vart slått inn i frå høgre kant som treff Adam som breisider ballen inn i mål.
4-1: Kontring Sil2: Sundberg plukker opp ball og slår ballen til Eivind Helgesen som var på løp som sett ballen inn i målet til Årdal.
5-1: Andreas Flåten slår ein markkrypar i frå venstrekant og Sondre Skjerven plukkar ballen opp og scorar.

Slutt resultat: 5-1.

Videointervju Årdal FK trenar Ivan Øy: 

NM Kvalikk: Fjøra FK – Årdal FK

Foto: Siri Andresen.

Fjøra stilte med desse 11 i frå start:
Håvard Mjelleli,Karsten Bjelde,Eirik Husabø,Joar Hoberg,Eirik Kristoffersen,Morten Knutsen,Kenneth Blomseth Skjerven,Mathias Flo,Andreas Lerheim Olsen,Sindre Thue,Espen Outzen
Benken: 
Bjarte Hovland,Brage Asperanden Navarsete,Håvard Stedje,Svenn Ove Gjøringbø,Sondre Loftesnes,Steffen Olsen.

Årdal FK stilte med desse 11 i frå start: 
Sivert Larsson,Patrick Achørlien Patanakarun,Vegard Aafedt Bukve,Fredrik Aspeseter Sørli,Brede Stedje Ylvisåker,Simen Heggheim Mansverk,Ole Gunnar Bukve Kjødnes, Johnny Aspeseter Hagen,Joachim Furset, Anders Lereng, Terje Kvam Øvstetun.
Benk: 
Nicolai Laberg,Kenth Lægreid,Marius Loftheim,Andreas Resaland,Sander Bjørkum Øvstetun.

Måla til Fjøra vart scora av: 
Kenneth Skjerven,2* Andreas Lerheim Olsen, 3*Morten Knutsen,Espen Outzen.
Assist: 3* Eirik Kristoffersen,Karsten Bjelde,Kenneth Blomseth Skjerven,Morten Knutsen.
Målet til Årdal FK vart scora av: 
Terje Kvam Øvstetun.
Sjølvmål av Årdalspelar: Vegard Aafedt.
Slutt resultat: 8-1.

Dommarar i dagens kamp: 
Elias Åsebø  som  dommar.
Linjedommarar: 
Simen Solbakken Skjerven,Thor Kristian Sortevik.
Dommarveiledar:
Geir Arne Kvam.

Videointervju  Fjøra trenar Knut Almås:
https://www.youtube.com/watch?v=vxsTNp5FTVc

ENK Damelag – Sogndal Damelag 10.03.2018.

Foto ENK damelag: Tore Snekkevik.

ENK damelag stilte med desse 11 i frå start:
Dalland,Langeland,Hosøy,Erikstein,Hosøy, Marken,Brunborg,Larsen,Snekkevik,Skaar,Menzies.
Benk: 
Fyllingen,Instefjord,Bergheim,Vabø,Øvretveit,Monsen.

Sogndal Damelag stillte med desse 11 frå start:  
Vilde Nornes,Kristin Bergheim,Nora Henjesand,Ingvild Mundhjeld,Dina Beate Lerum,Irene Steig,Dina Krosshaug,Amalie Hauglund, Trude Kveane,Amalie Hatlevoll.
Benk: 
Dorte Stedje,Silje Marie Foss,Ingvild Konstanse Larsen,Aisha Frøiland.

Førsteomgang:
Det var ein roleg start på kampen. Men så plutselig så skjedde det for Sogndal. Eit innlegg vart slått inn i frå høgre kant og  ENK Keeperen fekk akkurat slått til corner. Var  millimetere i frå at ei Sogndalstå kunne ha pirka den inn i målet.
Sogndal trilla ball mens ENK låg kompakt. Bortelaget igjennom men vart avblåst for offside.
1-0 ENK: Julie Bøe Snekkevik glir forbi alt og alle å sett ballen kontant inn i målet til Sogndal.
2-0 ENK : samme spelar er på ferde igjen. Julie Bøe Snekkevik drog seg forbi 2 Sogndalspelarar og kan notere seg  som 2 målscorar.
Ein Songdalspelar fyrte av eit skot i frå langt hold og rett i tverrligaren kunne fort ha stått 2-1 der.

Laga gjekk til pause ved 2-0 til ENK Damelag.

Andreomgang:
Corner til Sogndal men det vart ikkje det store ut av den.
2-1: Amalie Hauglund sett opp tempo og glei seg forbi i mellomrommet og satte ballen kontant inn i målet til ENK.
3-1: Klabb og babb i feltet til Sogndal. Keeperen på halvdistanse så fekk Anna Osland Øvretveit foten fram å satt ballen inn i målet.
4-1: Julie Bøe Snekkevik noterer seg for hattrick.
4-2: ENK sin keeper er ute og ballen havna opp i føtta til Ingvild Konstanse Larsen som satt ballen inn i det åpne buret.

Målscorarar ENK: 
3*Julie Bøe Snekkevik og Anna Osland Øvretveit.
Assist: Caroline Louise Bergås Morken,Irene Fyllingen,
Caroline Louise Bergås Morken*2
Målscorarar Sogndal: 
Amalie Hauglund,Ingvild Konstanse Larsen.
Slutt resultat: 4-2 til ENK Damelag.

Trenarane seie dette om kampen: 

Sogndal Damelag trenar Brede Nymark: 
Sogndal stillte med ein ung tropp, med 2 hospitanta i frå Syril og to i frå jentelaget.
Det var ein god kamp der begge laga har interesse i å spela ball. Førsteomgang var jamn,der ei hurtig på kanten er den avgjerande faktoren.
Begge laga spelte mykje ball  og jobbar med sitt spel. Sogndal tok nokre grep i pausen og framstår meir som ønska i andreomgang. Der me såg mange bra relasjonar og mykje bra spel. Positive tegn fram mot seriestart. Spelemønster og taktikk sitt betre og betre. Skilnaden frå første kamp til i dag er stor. Laget skal jobbe vidare og være klar til sesongstart, det er litt å jobbe vidare med i begge endar av bana.

Video intervju Sogndal Damelag Brede Nymark:

Video Intervju ENK Damelag trenar Tore Snekkevik: